• Bedrift
    Sparebanken vest
  • Søknadsfrist
    23.12.2019
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Bank
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Norheimsund
    Hordaland
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2324681
  • Se her for andre jobber fra Sparebanken vest
  • Oppdatert 03.12.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sparebanken vest

Rådgjevar bedriftsmarknad Hardanger

Bank

Vi i Sparebanken Vest har som ambisjon å bli framtidas sparebank. Saman med våre kundar ønsker vi å bidra til eit berekraftig samfunn og gjere livet på Vestlandet endå litt betre. Bli med oss på laget for saman gjer vi det betre.

Vi søkjer ein ny bedriftsrådgjevar som vert motivert av ambisjonen vår ovanfor. Banken ynskjer å levere dei beste kundeopplevingane og verdiskapande råd til eksisterande og nye kundar. Vi ser etter deg som vert engasjert av å verkeleg forstå kundane sine behov, skape gode relasjonar og levere dei beste finansielle løysningane til ei kvar tid. Vi gjev deg dei beste vilkåra for dette gjennom eit svært kompetent, gjevande og energirikt miljø.


Arbeidsoppgåver:

  • Være ein aktiv samtalepartner til våre kundar i området Hardanger, Midthordland og Voss
  • Risikovurdering og utarbeiding av kredittsaker
  • Skape og utvikle forretningsrelasjonar
  • Gje råd om optimale løysningar innan finansiering, cash management, forsikring, pensjon og plassering
  • Ansvar for lønsemd i eigen portefølje, og ansvar for å vidareutvikle denne
  • Følgje opp risikoutsette engasjement

 

Ønska faglege kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan finans/økonomi/administrasjon eller anna relevant utdanning
  • Ynskjeleg med god kjennskap, erfaring og gode relasjonar til lokalt næringsliv
  • Analytiske evner og innsikt i bedrifter si lønsemd og drift
  • Kunnskap og interesse for finansielle produkt og tenester som næringslivet treng
  • Erfaring frå bank

 

For stillinga ser vi for oss følgjande personlege kvalifikasjonar:

  • Du har positiv energi og bruker denne til å løfte folk rundt deg
  • Du er oppteken av å skape gode opplevingar for kundane
  • Du er nysgjerrig og vilje til å lære med mål om å utvikle deg vidare
  • Du er sals- og marknadssorientert
  • Strukturert og løysningsorientert
  • Du investerer i og tar ansvar for eigen utvikling
  • Målretta og tar eit tak når det er naudsynt

 

Vi kan tilby deg:

  • Ein arbeidsgjevar som er genuint oppteken av at flinke, svoltne folk som både får stor grad av tillit, sjølvstendig ansvar og grunnlag for å utvikle seg
  • Spanande utfordringar i ein bank med ei sterk merkevare og stor lokal mynde til avgjersler
  • Konkurransedyktige vilkår for løn, pensjon og andre gode
  • Vidareutvikling av din kompetanse


Arbeidsstad:

Norheimsund, men ein må pårekna reiseaktivitet med kontor i Bergen ein dag i veka.


Vil du vite meir om stillinga?

Kontakt Banksjef Asgeir Løno på mail asgeir.lono@spv.no eller mobil tlf. 905 05 267


Søknadsfrist: 23.12.2019

 

  • Bedrift
    Sparebanken vest
  • Søknadsfrist
    23.12.2019
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Bank
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Norheimsund
    Hordaland
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2324681
  • Se her for andre jobber fra Sparebanken vest
  • Oppdatert 03.12.2019