• Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3795169
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Psykolog 100% vikariat

Solund kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund kommune har ledig stilling som psykolog 100% vikariat i perioden 2. august 2021-1. mars 2022, då vår faste psykolog skal ut i foreldrepermisjon.

Solund kommune har som målsetjing at vi skal arbeide førebyggjande, målretta, tverrsektorielt og koordinert, til det beste for innbyggjarane.

I Solund kommune legg vi vekt på å ha gode og tilpassa tenester til innbyggjarane våre. Vi har ei framtidsretta Helse- og omsorgsteneste, med høgt fagleg nivå. Psykologstillinga er samlokalisert med den øvrige helsetenesta, og har helse- og omsorgsleiar som sin næraste overordna.

Arbeidsoppgåver
  • Drive lågterskel allmennpraksis med utreiing, diagnostisering og behandling/oppfylging for alle aldrar.
  • Bidra i førebyggjande arbeid for barn og unge.
  • Fagansvar for rus og psykiatri, hovudsakeleg rettleiing av tilsette i psykisk helseteam.
  • Bidra i arbeidet med å vidareutvikle kommunen sine tenester med fokus på lågterskeltilbod, tidleg innsats og barn og unge si psykiske helse.
  • Rettleiing og opplæring av tilsette i dei ulike tenestene.
  • Delta i ulike samarbeidsfora internt i kommunen og med eksterne partar.
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent/autorisasjon som psykolog.
  • Gode skriftelege og munnlege norskkunnskapar.
  • I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest ved oppstart i stillinga.
Utdanningsretning
  • Psykologi
  • Utdanningstittel:Psykolog
Utdanningsnivå
  • Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
  • Evne til å ta initiativ og være løysingsorientert.
  • Evne til å kommunisere og samarbeide tverrfagleg.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og strukturert.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø.
  • Faste møter med interkommunalt nettverk av kommunepsykologar i tidlegare Sogn og Fjordane.
  • Variert, tverrfagleg samarbeid.
  • Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
  • Varierte arbeidsoppgåver med både klinisk, førebyggjande og systemretta arbeid.
  • Tilsetjing på kommunale vilkår og god pensjonsordning gjennom KLP.
  • Løn etter avtale.
  • Kommunen kan bistå med å skaffe bustad.
Andre opplysningar
  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.
  • Vi ynskjer alle aktuelle søkarar velkommen, og oppfordrar nyutdanna til å søke.

 Velkomen som søkjar!

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar. 

 
  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3795169
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune
Opprett gratis bedriftsprofil
  • Legg ut alle dine ledige jobber
  • Bestill annonsering i alle kanaler
  • Motta søknader ett sted
Oppgrader om du ønsker flere verktøy
  • Profesjonell søknadshåndtering
  • Jobbmatch - 100.000+ kandidater
  • Integrasjoner med HR og fag-systemer
Opprett gratis bedriftsprofil