Detaljer

  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    13.12.2020
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3291006
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Prosjektstilling NAV Solund - Utvikling av sosiale tenester i NAV

Solund er eit særeige øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

NAV Solund har det faglege og administrative ansvaret for både statlege og kommunale tenester, og den viktigaste oppgåva er å sikre gode heilskaplege tenester og ivareta samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. I tillegg til den statlege tenestemenyen har kontoret også ansvaret for tenester etter lov om sosiale tenester i NAV.

Solund kommune har fått tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret, og har ledig ein inntil 60% mellombels stilling i 3 år. Stillinga er ei prosjektstilling som skal nyttast i arbeid med å utvikle dei sosiale tenestene i  NAV-kontoret vårt – «Eit framtidsretta og førebyggjande NAV-kontor»

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle kvalitetssjekk-system som sikrar at brukarar får ei heilskapleg oppfølging basert på førebygging, og med brukarmedverknad i fokus
  • Utvikle tverrfagleg samarbeid sett i tilpassa system, som kan vere med på å fange opp personar som fell mellom to stolar, og sikre god overgang mellom ulike system
  • Utvikle eit system og tenestedesign som tek i vare dei lovpålagte arbeidsoppgåvene til eit kommunalt NAV-kontor men på ein annan måte enn det vi har arbeidd til no:
    • Finne ein arbeidsmetode med meir fokus på §17 i sosialtenestelova – opplysning, råd- og rettleiing
    • Setje førebygging av sosial ulikskap inn i system som skal delast med samarbeidskommunar og i vårt sosialfaglege nettverk, kombinert med tverrfagleg samarbeid på tvers av oppvekst, helsestasjon, lege og rus/psykiatri (her kartlegge/utgreie behovet i Solund)
  • Heilskapleg oppfølging av NAV sine brukarar
  • Hovudfokus i all dialog er arbeid, meistring og inkludering
  • Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, blant anna lov om sosiale tenester,  lov om folketrygd og forskrift om arbeidsretta tiltak

Du må rekne med å måtte utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kommunen skal imøtekome brukarane sine behov.

Ønska kvalifikasjonar

  • Minst treårig relevant utdanning på høgskulenivå, fortrinnsvis bachelor innan sosialfag
  • Kjennskap til bruk av lovverk innan fagfeltet
  • Kan bruke IT som arbeidsverktøy
  • Trygg i norsk, både munnleg og skriftleg, og ha god skriftleg framstillingsevne
  • Gjerne erfaring i rettleiingskompetanse og brukaroppfølging
  • Du er oppteken av relasjonar, både til brukarar og kollegaer

Vi kan tilby

  • Spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Kunnskapsrike og gode kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Kommunal tilsetjing med løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning i KLP

NAV Solund har godt samarbeid med nabokommunane, og deltek i fleire ulike faglege interkommunale team. Kontorlokala er fine, og vi har ein moderne og funksjonell arbeidsplass.  NAV Solund er oppteken av å tilby gode tenester til innbyggjarar og arbeidsliv. Som tilsett i kontoret ønskjer vi at du har god forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag, mål, utfordringar og kjennskap til offentleg forvaltning.

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.


Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.