Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
10.11.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
4174450Se her for andre jobber fra Bergen kommune
- Oppdatert 09.11.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Bergen kommune
Prosjektleiar - gateopprusting
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ynskjer du ein unik sjanse til å påverke utforminga av Bergen?
Bymiljøetaten bygger og held ved like offentlege areal og anlegg i byen vår. Vi har ansvar for eit breitt og variert spekter av oppgåver som gjer at Bergen lever kvar dag – og om 100 år!
Vi søkjer no etter prosjektleiar til fast stilling hos Bymiljøetaten, i seksjon Mobilitet.
Seksjonen er ein del av Gjennomføringsavdelinga i etaten, som har ansvar for planlegging og bygging av viktige investeringsprosjekt i Bergen. I dag arbeider vi mellom anna med bystranda ved Store Lungegårdsvann, Mindemyren, den grøne aksen i sentrum, små og store gang- og sykkelprosjekt, og mykje meir. Gjennomføringsavdelinga har 35 tilsette, med brei kompetanse og fagleg høgt nivå.
Den vi ser etter skal i første omgang ha ansvar for gateopprustingsprosjekt. Dette er investeringsprosjekt som i dag fell innanfor satsinga «bilfri bydel», og som kombinerer tilrettelegging for auka byliv med satsing på gange, sykkel og bêrekraftig mobilitet. For prosjektet «bilfri bydel Nygårdshøyden» er det i forslaget til Handlings- og økonomiplan for 2022-2025 sett av totalt 65 millionar kroner. I prosjektet er det lagt opp til bygging av fleire nye gatetun med byromskvalitetar for opphald og leik, planting av nye bytre og regnbed, tilrettelegging for personar med funksjonsnedsetting, gange og sykkel, og ikkje minst nyskapande strukturar for handtering av overvatn i gatene. Prosjektleiinga inneber kompleks samhandling på tvers av fag og etatar i Bergen kommune, samt koordinering med BIR Nett og kabeletatar gjennom Graveklubben.
Kvalifiserte søkarar kan òg vera aktuelle for andre stillingar i Bymiljøetaten.
Arbeidsoppgaver:
- Prosjektutvikling og prosjektgjennomføring
- Koordinering av ulike partar og interesser
- Drive medverknadsprosessar
- Bidra aktivt i utviklingsarbeid og samhandling i avdelinga
Kvalifikasjoner:
- Mastergrad i landskapsarkitektur, arkitetur eller tilsvarande innan ingeniørfag
- Arbeidserfaring med relevante prosjekt for stillinga
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlige egenskaper:
- Ambisiøs og sjølvstendig
- God å kommunisera
- Evner til samarbeid på tvers av fag og interesser
Vi tilbyr:
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgaver i eit engasjert og dyktig fagmiljø
- Fleksibel arbeidstid og moderne, aktivitetsbaserte lokaler
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Løn etter avtale
Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
10.11.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
4174450Se her for andre jobber fra Bergen kommune
- Oppdatert 09.11.2021