• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4598467
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 03.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Planleggjar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Innbyggjarane i Sogndal kommune er unge og folketalet aukar raskt. Tettstadane våre ligg tett på fjord og fjell, og gjer at fortetting er ei naturgitt føresetnad for all utvikling. I åra framover skal vi lage områdeplanar for alle tettstadane våre — difor treng vi deg som kan hjelpe oss å skape attraktive stader!

Me har ledig to 100% faste stillingar som planleggjar i Sogndal kommune. Me søkjer deg som har lyst til å jobbe og delta i utforminga av Sogndal kommune i framtida, og som ønskjer faglege utfordringar innan samfunns- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eining for Plan og forvaltning med 13 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre.  

Planeininga har ei sentral rolle i utarbeiding av både overordna planverk og sektorvise planar - for å få desse til å bli einsarta og reelle styringsdokument for kommunen. Sogndal kommune har og vil få store og utfordrande planoppgåver som skal handsamast og forvaltast dei neste åra, og oppgåvene vert fordelt etter bakgrunn og interesse til den einskilde. Me er på utkikk etter ein arealplanleggjar som i hovudsak vil drive sakshandsaming av private planar og dispensasjonssøknader, samt ein arealplanleggjar på overordna plan som i hovudsak vil jobbe med områdeplanar og prosjektleiing av desse. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Handsaming av offentlege og private detaljreguleringsplanar 
  • Handsaming av mindre endringar i detaljplanar og dispensasjonar
  • Prosjektleiing av kommunale planar og utviklingsoppgåver
  • Rettleiing, planvurderingar og planfagleg bistand
  • Deltaking i prosjekt på tvers av einingar i kommunen

Kvalifikasjonar: 

  • relevant utdanning fortrinnsvis på mastergradnivå, og/eller gjerne relevant arbeidserfaring. 
  • god kjennskap til arealplanlegging og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning. 
  • god kjennskap til relevant lovverk, forskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer, m.m. 
  • God evne til å kommunisere både skriftleg og munnleg
  • Kunnskap og erfaring innan prosessleiing i plan- og utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar: 

  • Er fagleg engasjert med gjennomføringsevne
  • Kan og forstår å setje deg inn i samansette problemstillingar 
  • Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og har god arbeidskapasitet 
  • Har god rolleforståing, serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

 

Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vil bli vektlagd

Me tilbyr: 

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit etablert fagmiljø 
  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Moglegheit til å påverka eigen arbeidsdag. 
  • Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse. 
  • Fleksibel arbeidstid. 
  • Løn etter avtale. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4598467
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 03.05.2022