Bedrift
UtlendingsdirektoratetSøknadsfrist
30.09.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0663, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
4078546Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet
- Oppdatert 06.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Utlendingsdirektoratet
Personvernrådgivar
Offentlig forvaltning
UDI og resten av utlendingsforvaltninga behandlar over 400 000 søknader i året gjennom sjølvbetenings- og saksbehandlingssystema våre. UDI har eit komplekst trussel- og tryggleiksbilete, og behandlar store mengder sensitiv og gradert informasjon. Migrasjonssvingingane påverkar verksemda i stor grad, og stiller høge krav til ein fleksibel og robust organisasjon. Direktoratet har i dag om lag 1000 tilsette, fordelte på hovudkontoret og seks regionkontor. UDI har eit tett samarbeid med dei andre etatane i utlendingsforvaltninga, og har i tillegg til eit fagleg ansvar også det overordna ansvaret for informasjonstryggleiken i heile utlendingsforvaltninga.
Stillinga er organisatorisk plassert i Digitaliseringsavdelinga (DIGA), ei dynamisk, innovativ og framtidsfokusert avdeling med i overkant av 70 tilsette. DIGA har ansvar for å forvalte og utvikle nasjonale IT-tenester som handterer søknader om asyl, visum og opphald i Noreg. Avdelinga har allereie tatt i bruk robotteknologi og automatisert den første saksporteføljen vår. UDI deltar også i eit utstrekt europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet. Målet vårt er mest mogleg digital kommunikasjon med søkjarane og samfunnet elles, samtidig som vi sikrar rettane dei registrerte hos oss har til personvern.
UDI etablerer no eit nytt og samla personvernmiljø som skal gi råd og rettleie leiinga og dei tilsette i UDI innanfor personvern. Teamet skal jobbe strategisk med personvern etter ei risikobasert tilnærming. Teamet skal blant anna hjelpe til i ulike utviklingsprosjekt og rettleie og komme med anbefalingar i konkrete problemstillingar.
UDI søkjer ein motivert og ansvarsbevisst medarbeidar til ei utfordrande og interessant stilling i eit aktivt og profesjonelt fagmiljø. Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig er ein føresetnad.
Kvalifikasjoner:
- høgare relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå (fortrinnsvis juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap eller forvaltningsinformatikk) – solid relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- helst relevant erfaring frå arbeid med personvern, gjerne frå offentleg forvaltning, inkludert tilsyns- eller kontrollmyndigheit
- interesse for grenseflata mellom juss og teknologi, gjerne også erfaring med implementering av krava til innebygd personvern
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, gjerne også god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk
Personlige egenskaper:
Vi søkjer etter deg som
- jobbar strukturert og sjølvstendig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er løysingsorientert
- likar å drive gjennom endringar
- snakkar like godt med IT-avdelinga som med fagsida
- har evne til å tenkje langsiktig midt i ein operativ kvardag
Vi tilbyr:
- ei spennande stilling for deg som likar å få personvern til å fungere i praksis
- høve til å bli med og etablere eit nytt personvernteam
- ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
- ein time betalt trening i arbeidstida per veke
- fleksitidsordning og overtidsbetaling ved pålagt overtidsarbeid, ordna forhold med arbeidsdag på 7 timar og 45 minutt (og 7 timar om sommaren), inkludert lunsjtid
- lønn som rådgivar eller seniorrådgivar (avhengig av tidlegare erfaring) i lønnsspennet mellom kr 532 500 og kr 782 700 brutto per år (det blir trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse frå lønna)
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. I samsvar med offentleglova kan namnet på deg som søkjer, bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du blir i så fall varsla.
Attestar/vitnemål må leggjast inn i portalen saman med søknaden. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, blir bedne om å sende lenkje til Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Ved utdanning frå utlandet ber vi om attest frå Nokut.
Bedrift
UtlendingsdirektoratetSøknadsfrist
30.09.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0663, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
4078546Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet
- Oppdatert 06.09.2021