• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    27.01.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3369441
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 12.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Personalkonsulent, 100 % engasjement

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig eit 2-årig engasjement med stor moglegheit for fast stilling som personalkonsulent ved Organisasjonsavdelinga.

Arbeidsoppgåver
Rekruttering i samsvar med vedteken rekrutteringsplan
Oppfølging og utvikling av kompetanseplan
HMS-arbeid
Oppdatering av planar, reglement mm
Andre oppgåver i avdelinga

Det er ønskeleg at søkar på stillinga har erfaring frå HR-arbeid i offentleg sektor og kjennskap til lov- og regelverk innan fagfeltet.
Aukra kommune nyttar Visma Enterprise som HR-system og P360 som sak/arkiv.

Krav til søkar
• Høgare utdanning fortrinnsvis innan HR og personal, økonomi/administrasjon, juridiske fag
• Gode datakunnskapar
• Erfaring frå personalområdet og saksbehandling vert lagt vekt på.
• Bruke nynorsk som målform

Eigenskapar:
• Engasjement og arbeidslyst
• Fleksibel og løysingsorientert    
• Ansvarsbevisst og sjølvstendig
• Gode samarbeidsevner og flink med folk

Vi tilbyr
• Engasjerte medarbeidarar i eit nært og godt arbeidsmiljø   
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Moglegheit for deltaking på kurs og konferansar
• Stønad frå fond til utdanning
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
• Løn etter utdanning og kvalifikasjonar

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    27.01.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3369441
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 12.01.2021