• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4607653
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 06.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Pedagogisk-psykologisk rådgjevar / (pedagog/psykolog – 100% fast 2 stillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

PPT Alver har ledig 2 100% fast stillingar som pedagogisk-psykologisk rådgjevar/ (pedagog/psykolog) frå 15.08.2022.
PP-rådgjevarane vil gå inn i eit av våre skuleteam og bistå med aktuell kompetanse. 

Kontoret jobbar målretta med intern og ekstern organisasjonsutvikling, og har ein aktiv delingskultur.

Den som søkjer stillinga må vere budd på køyring til oppdrag, kontoret disponerer tenestebil.

Om PPT
Alver kommune ligg tett opp til Bergen. Alver PPT er lokalisert i det nye Helsehuset, Kvassnesvegen 40. Her har vi fine lyse og moderne lokale, og gode mogelegheiter til samarbeid med øvrige lokaliserte tenester for barn og unge i Helsehuset.

Vi søkjer medarbeidar som har god evne til å arbeide sjølvstendig og å finne glede og motivasjon i varierte arbeidsoppgåver.

Alver PPT har totalt 21,3 stillingar, her er pedagogisk-psykologiske rådgjevarar med solid fagleg bakgrunn i pedagogikk, logopedi og psykologi. Alver PPT er ei kommunal teneste som er organisert i barnehageteam, skuleteam og utøvande team. PP-tenesta skal hjelpe barnehagar og skular med å leggje opplæringa betre til rette for barn/elevar med særlege behov, og den skal sørgje for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering i tilfelle der loven krev det. PPT skal støtte (bistå) og bidra med kompetanse- og organisasjonsutvikling i barnehagar og skular.

Arbeidsoppgåver

Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb, og vi søkjer deg som har engasjement og motivasjon for endringsarbeid.
Sentrale oppgåver vil vere:
- Bistå og bidra elever og skular til at den enkelte elev får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.
- Sakkunnig arbeid i barnehage og skule; observasjon, kartlegging , utgreiing og vurdering
- Konsultasjon, rettleiing og rådgjeving på individ- og systemnivå i barnehagar og skular
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid både med interne og eksterne samarbeidspartar
- Hjelpe skular i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling
- Halde arbeidsverkstad og gje opplæring
- Utgreiings- og rådgjevingsarbeid i barnets heim kan førekomme

Kompetanse

Vi søkjer etter deg som har:

  • Utdanning på master- eller hovudfagsnivå innanfor pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi
  • Utgreiingskompetanse
  • Erfaring frå PP-tenesta er ønskjeleg
  • Erfaring frå systemretta arbeid, rådgjeving og rettleiing, med generell god forståing for systemisk arbeid i endringsprosessar
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Kjennskap til barnehagar og skule som utdanningssystem
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kommunikasjonskompetanse, relasjonskompetanse og samhandlingskompetanse
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Vi legg i tillegg vekt på:

  • personlege eigenskapar: evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og utviklingsorientert, har stor arbeidskapasitet og god samarbeidsevne. Personleg eigna vil bli vektlagt.
  • du bør trivast med endringar, til tider stor arbeidsmengd, vand med å halde fristar og vere fleksibel
  • godkjent politiattest
  • førarkort klasse B

 

Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med pedagogar og psykologar.
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning

Politiattest

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4607653
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 06.05.2022