• Bedrift
    Førde Kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2019
  • Stillingsfunksjon
    Barnehagelærar
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2289917
  • Se her for andre jobber fra Førde Kommune
  • Oppdatert 21.11.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Førde Kommune

Pedagogisk leiar/barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om oss

Frå 01.01.2020 slår kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal seg saman og vert til Sunnfjord kommune. Solsida barnehage ligg sentralt i Førde og har 7 avdelingar fordelt på 2 adresser. Vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivst og får gode vilkår for leik, læring og utvikling.

 

Om stillingane

Frå februar 2020 har vi ledige vikariat som pedagogisk leiar og barnehagelærar i Solsida barnehage.

 

  • 100 % vikariat som pedagogisk leiar i perioden 01.02.2020-16.08.2020   
  • 100 % vikariat som barnehagelærar i perioden 01.02.2020-31.07.2020
  • 100 % vikariat som barnehagelærar i perioden 01.02.2020–16.11.2020

Vikariata kan verte forlenga.

Vi kan tilby deg:

  • god oppfølging av nytilsette
  • eit godt fagmiljø med mange faglærte medarbeidarar
  • å delta i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
  • ein arbeidsplass som skårar høgt på brukar- og medarbeidarundersøking
  • I stillinga som pedagogisk leiar vert det gitt eit lønstillegg på kr 35 000

 

Kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som:

  • er utdanna barnehagelærar

Vi ønsker oss søkarar som:

  • viser engasjement og initiativ
  • som har fokus på barn og deira føresette
  • har gode evner til å leie barn og vaksne
  • har empati og kan gje god omsorg
  • kan arbeide sjølvstendig og som har gode evner til samarbeid
  • kan bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
  • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

 

Informasjon

Om du ønsker meir informasjon om stillingane eller barnehagen, ta gjerne kontakt med styrar Elin Siv Hagen, tlf. 971 91 155, eller på e-post elin.hagen@forde.kommune.no.

Du kan også finne meir informasjon om barnehagen på nettsidene våre www.solsida.barnehage.forde.no.

 

Søknad

Utlysinga gjeld tre ulike vikarstillingar og vi ber om at du i søknaden skriv kva stilling(ar) du søker på.

Vi vil kalle inn aktuelle søkarar til intervju.

Vi ber om at du oppgir referansar i søknaden. 

 

Vi håpar du vil søke stilling hos oss! Velkomen som søkar!  

  • Bedrift
    Førde Kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2019
  • Stillingsfunksjon
    Barnehagelærar
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2289917
  • Se her for andre jobber fra Førde Kommune
  • Oppdatert 21.11.2019