• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4173639
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 22.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Pedagogisk leiar / barnehagelærar - 2 vikariat med moglegheit for fast tilsetting

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol barnehage har ledig to 100% stillingar som pedagogisk leiar/ barnehagelærar, for tida lagt til Herad barnehage.
- ei av stillingane er det ynskjeleg med snarleg tilsetting, og den andre frå januar 2022 (seinare tilsetting kan avtalast). Ved tilsetting som vikar varer stillingane til 31.12.22

Gol barnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eigen naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen 1 – 5/6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om Gol barnehage og kvar barnehage.

I Gol barnehage arbeidar vi med ein kontinuerlig utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltar i regionale utviklingsprosjekt. Vi er med i den nasjonale satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehage, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet enten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og i heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.

Dine kvalifikasjonar:
• Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
• Erfaring frå barnehage
• Bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi ynskjer oss av deg:
• Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
• Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid - deltakande i vidareføring av utviklingsarbeid i barnehagen
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Fleksibilitet

Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
• Stillingsbeskriving

Anna:
• Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, menn blir oppfordra til å søkje
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignahet og evne til samarbeid
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
• Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4173639
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 22.10.2021