• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4212267
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kjørnes barnehage ligg i Kjørnessvingen, på nedsida av hovudvegen. Barnehagen har 6 avdelingar. Vår visjon er «til beste for barnet». I Kjørnes barnehage legg me vekt på fysisk aktivitet og friluftsliv; borna er ute kvar dag, uansett ver. Me har eit spanande og variert uteområde og nærmiljø som me nyttar dagleg. To storbarnsavdelingar byter på å vere ute i lavvo og inne på vanleg avdeling; 2 veker om gongen. Lavvoen er stor og fin med vedomn; det er tilhøyrande garderobe, kjøkken og toalett. Me har òg høns i barnehagen, som treng omsorg og stell.

Meir informasjon finn de på barnehagen si heimeside: https://kjornes-bhg.no

 Frå 03.01.2022 er det ledig:

  • 100 % vikariat i perioden 03.01.2022 - 04.11.2022 som pedagogisk leiar; vikariatet kan bli forlenga til 17.03.2023.

 Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar har du ansvar for å planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet på din avdeling. Du skal bidra til godt samarbeid med barn, personale, foreldre og andre samarbeidspartnarar. Det er viktig at du held deg oppdatert på fagfeltet, og gir rettleiing og tilbakemelding til personale på avdelinga di, og involvera dei i planarbeidet og gjennomføringa.

Krav til kompetanse:

Utdanning som barnehagelærar ev. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Det vert stilt krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskap ved tilsetjing.

Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.

Det er ønskjeleg med interesse for og kompetanse innan tilrettelegging for friluftsliv og fysisk aktivitet for barn. 

Beherske relevante IKT-verktøy.

Sidan menn er underrepresenterte i barnehagen, oppfordrar me menn til å søkje.

Det vil bli vektlagt personlege eigenskapar som gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, vere løysingsorientert, engasjert, omsorgsfull og sjå verdien av å jobbe i team. 

Me tilbyr:

  • Ein spanande og variert arbeidskvardag, i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4212267
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.11.2021