• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4215551
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Pedagogisk leiar 100% vikariat - Spildepollen kystbarnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om barnehagen:
Spildepollen kystbarnehage er ein avdelingsbarnehage med 5 avdelingar som er lokalisert vedsidan av Spildepollen skule. Vi er ein ny barnehage som starta opp 7. juni inneverande år. Vi har flott turterreng, med tilgang til sjø, vatn og skog. Vår visjon er samspel i barsk natur. Vi håper du vil vere med på vårt lag i vår nye flotte barnehage og utvikle denne til ein god stad å vere for både små og store.

Vi er rundt 30 vaksne og 84 barn. «Den nye barnehagen og naturen rund meg» er hovudtema i år, elles er leik og språk viktig satsingsområde.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga
  • Dokumentere og synleggjer arbeidet på avdelinga
  • Følgje opp og vere med på å utvikle barnehagen som organisasjon
  • Samarbeid mellom barnehage og heim
  • Bidra aktivt for å skape eit god arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • 3-årig barnehagelærarutdanning eller annan pedagogisk utdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Gjer merksam på at Øygarden kommune er ein nynorskkommune

Ønskjeleg med: 

  • TTT/ASK/COS kunnskap og erfaring
  • Livredningskurs, eventuelt villig til å ta livredningskurs
  • Båtførarbevis

Personlege eigenskapar:

• Like å vere ute og ferdast ved sjø og vatn
• Du er positiv, utviklings- og endringsmotivert
• God arbeidskapasitet og arbeidsmoral
• Kreativ og initiativrik
• Fleksibel og godt humør
• God relasjonskompetanse til barn og vaksne

Anna:

  • Lengde på vikariatet frå snarast til 14.08.2022, med moglegheit for lenging
  • Det er viktig at ein kan arbeide i barnehagen si opningstid

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4215551
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.11.2021