Detaljer

  • Søknadsfrist
    18.02.2018
  • Bedrift
    Trainee Vest
  • Type arbeid:
    Trainee
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Interesseorganisasjoner
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk:
    norsk
  • Arbeidssted:
    Os
  • karriere-kode:
    645716

Spørsmål rettes til


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Os kommune

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stort potensiale for vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Vi søker trainee sykepleier i pleie- og omsorgstjenesten


Dersom du er sjukepleier og ønskjer nye utfordringar og kan tenkja deg å jobba på ulike avdelingar/ heimebasert omsorg med ulike utfordringar er du personen vi ønskjer til stillinga. Her har du mogelegheit til å bli kjent på fleire avdelingar og dermed få brei og klinisk erfaring. Du vil kunne samla erfaring med både miljøterapeutisk arbeid og meir aktiv medisinsk behandling.

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta:
Luranetunet har 9 avdelingar med totalt 155 plassar. Av desse er det 2 korttidsavdelingar og 7 avdelingar med omsorgsbustader m/heildøgnsomsorg. Heimebasert omsorg er organisert i 3 team og har kontor på Luranetunet. I februar vert det oppretta eige demensarbeidslag. I tillegg rommar Luranetunet dagsenter og ressurssenter med kols- diabetes- og kreftteam. Kommunen har også eige team for kvardagsrehabilitering som er lokalisert på Luranetunet.

Ønskjer du meir informasjon om Luranetunet, viser vi til heimesida vår; https://oskommune.no/

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Kvalifikasjoner
  • Nyutdanna sjukepleiar
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk, høgare nivå)
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Krav om bilsertifikat kl. B
Personlige egenskaper
  • Er positiv, lærevillig og glad i utfordringar
  • Er stolt av sjukepleieyrket og har engasjement for pasientane
  • Trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er sjølvstendig samtidig som du samarbeider godt med andre
  • Har god omstillingsevne, er nysgjerrig og fagleg engasjert
  • Er fleksibel og har vilje og pågangsmot til å ta fatt på to unike år som vil kreva mykje av deg, men som vil gi deg kompetanse og erfaringar som du vil kunna nytta i din vidare karriere som sjukepleiar.
Vi tilbyr
  • Full fast stilling også etter at traineeperioden på to år er over
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø som gir deg breiddekompetanse innafor sjukepleiefaget
  • Eit eige opplæringsprogram gjennom heile perioden
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
  • Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest
  • Medlemskap i U37, Bergen Næringsråds nettverk for unge i næringslivet
Les mer om fordeler og vilkår for å søke en traineestilling på våre nettsider: http://traineevest.no/bli-trainee/