• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4763494
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 14.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Organisasjonsutviklar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst til å bidra til at Sogndal kommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgivar? Har du erfaring med å gi råd til leiarar? Har du erfaring frå design og gjennomføring av organisasjonsutviklingstiltak og strategisk rådgjeving innan leiar og organisasjonsutvikling?

I så fall vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å vidareutvikle vår organisasjon og vår kultur slik at vi står godt rusta til å møte oppgåvene for framtida.

HR bidreg til utvikling av medarbeidarar, leiarar og organisasjon og har samtidig ansvar for å levere profesjonelle HR-prosessar. Vårt område er i utvikling; ikkje minst knytt til digitalisering der vårt fagfelt er sentralt. Eininga løyser oppgåver i lag i ein moderne, fleksibel og dynamisk organisasjon.

Me ser etter deg som er erfaren innan leiar- og organisasjonsutvikling og samspelet mellom desse områda. Me trur du er ein sterk fagperson med interesse for teknologi og har et ønskje om å jobbe tett med leiarar i ein organisasjon i utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Design og gjennomføring av organisasjonsutviklingstiltak
  • Strategisk rådgjeving innan leiar- og organisasjonsutvikling
  • Støtte i endrings- og omstillingsprosessar
  • Rettleiing for leiarar
  • Føredrag og kurs
  • HR og implementering av HR-prosessar
  • Kompetanseplanlegging- og gjennomføring
  • Leiarstøtte
  • Rekruttering
  • Gi råd og opplæring og vere med på utvikling innan heile fagområdet til HR
  • Andre oppgaver innen HR- og organisasjonsutvikling kan bli tillagt stillinga

 

Du må ha

  • Meget god erfaring med leiarutvikling og kjennskap til endringsleiing, i ein stor og kompleks organisasjon, helst innan offentleg verksemd
  • Betydeleg relevant arbeidserfaring (HR, digitalisering, leiing e. l.)
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg

 

I tillegg er det ønskjeleg at du har:

  • Kunnskap om offentleg forvaltning
  • Kunnskap om og erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Erfaring frå rekrutteringsprosessar
  • Gode IKT-kunnskapar


Personlege eigenskapar:

  • God relasjonskompetanse
  • Høg arbeidskapasitet
  • Evne å jobbe strukturert og kunne prioritere i ein hektisk kvardag
  • Evne til å sjå løysingar og få med deg andre og har gjennomføringsevne
  • Vant til å jobbe sjølvstendig

 

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga til stillinga.

Me tilbyr:

  • Ein variert arbeidskvardag
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar


Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4763494
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 14.09.2022