• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4299384
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 07.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Organisasjon- og personalsjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Om stillinga og avdelinga

Aukra kommune søkjer etter ein engasjert, strategisk og kunnskapsrik Organisasjons- og personalsjef som skal bidra til at heile organisasjonen kan løyse sine kjerneoppgåver på ein god måte.
Stillinga gjev ein kvardag der du kombinerer utviklingsarbeid og operative oppgåver, med overordna fokus på å sikre god rekruttering, utvikling av menneske, organisasjon og kultur.

Du samarbeider tett med dei andre einingsleiarane, og er sparringpartnar og støtte for dei i personalrelaterte prosessar. Du ser verdien av, og syter for, eit godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta.
Du leiar organisasjonsavdelinga som består av totalt 3 personar, og er med i kommunedirektøren si leiargruppe. Der er du ein viktig pådrivar for vidare utvikling av organisasjonen og strategisk HR,
og sikrar god samhandling og lik praksis på HR-området i heile kommunen.


Arbeidsoppgåver
Være kommunen sin ressursperson innan heile organisasjon- og personalområdet
Utvikle og vedlikehalde ein framtidsretta HR-strategi
Ha fokus på kommunen sitt arbeid med heiltidskultur og redusert sjukefråvær

Ha ansvar for:
- dei tilsette i organisasjonsavdelinga, hovudverneombod og dei hovudtillitsvalde
- lønnsforhandlingane og det partssamansette samarbeidet
- å sikre samhandling internt i eiga avdeling og mellom einingar i kommunen
- budsjettstyring i eiga avdeling
- overordna HMS-arbeid
- gjennomføring av arbeidsmiljøundersøkingar


Kvalifikasjonar
Som vår nye personalsjef må du ha leiarerfaring, brei HR-fagleg kompetanse og relevant høgare utdanning, gjerne med leiing og/eller juss i fagkretsen.
Vi forventar at du har god økonomiforståing, erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid og god kompetanse knytt til partssamarbeid og HMS.
Kommunen jobbar aktivt med digitalisering og automatisering av arbeidsprosessar, og du må ha forståing for denne type organisasjonsutvikling.
Erfaring frå offentleg verksemd vil vere ei styrke i stillinga.

Personlege eigenskapar
Vi vil ha ein leiar med evne til å tenke strategisk og langsiktig, samtidig som du er ryddig, tydeleg og opptatt av å oppnå resultat.

God rolleforståing, høg integritet og evne til å skape tillit og god dialog vil vere svært viktig. Du er opptatt av dine medarbeidar, og opptatt av å utvikle gode relasjonar.
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.


Vi tilbyr
Du vil komme inn i eit miljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og ei leiargruppe som vil ønske deg velkommen og krevje noko av deg.
Du vil få moglegheiter til å bidra til utvikling av både fagområdet og kommunen som heilheit.

Vår leiing er basert på "Meistringsorientert leiing" - og vi meiner vi har ein veldriven organisasjon, som vi håper du kan bidra til å utvikle vidare.
Lønn etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på Offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 Søknad sendast elektronisk.

 

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4299384
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 07.01.2022