Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vest-Telemark Kraftlag AS

Økonomisjef

Energi- og vannforsyning

Vest-Telemark Kraftlag AS vart stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. Selskapet driv med kraftproduksjon, kraftomsetning, nett, breiband og tilhøyrande støttefunksjonar (økonomi, IKT m.m.) Talet på tilsette er i underkant av 60 fordelt på hovudkontoret og ei avdeling i Treungen.
Kraftproduksjonen på 260 GWh er organisert gjennom Skafså Kraftverk ANS (67%), Sundsbarm Kraftverk DA (8,5%), Grunnåi Kraftverk AS (15%) og eit par småkraftverk. Nettavdelinga har ansvaret for eit omfattande nett, som sikrar straumforsyninga til 15000 kundar. Fiberaktiviteten er dels i eigen regi og gjennom eigarskap i Telefiber AS. Omsetninga ligg på 200-300 mill.kr i året og bokført verdi er på 800 mill.kr, av dette 400 mill. kr i eigenkapital. I tillegg har selskapet ansvaret for eit pensjonsfond på 150 mill.kr. Selskapet er under omorganisering til konsern for å oppfylle lovpålagte krav om selskapsmessig skilje gjeldande frå 2021.
Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune. Høydalsmo ligg ved E134 sentralt i Vest-Telemark og har gode forhold for idrett og friluftsliv heile året. Bygda har barne- og ungdomsskule og berre 20 km til vidaregåande skule.

Ved hovudkontoret i Høydalsmo er det ledig stilling som

Økonomisjef

Økonomisjefen har det daglege ansvaret for alle funksjonar og arbeidsoppgåver knytt til økonomi (budsjettering, sal, fakturering, rekneskap, løn, finansiering, likviditetsstyring, internrevisjon, rapportering), HR, dokumenthandtering, arkiv og andre kontorfunksjonar som naturleg ligg til stillinga. Det er i dag 5 selskap som tek imot tenester frå Økonomisjefen si avdeling. IKT knytt til desse prosessane vil også ligge til stillinga, men den ansvarlege for IKTdrift for heile selskapet rapporterer i dag direkte til adm.direktør. 
Framtidig løysing på dette er avhengig VTK si nye organisering og kompetansen til den som blir tilsett. Økonomisjefen er også dagleg leiar i VTK’s Pensjonskasse som leverer pensjonstenester til VTK AS, Skafså Kraftverk ANS og Telefiber AS.

Økonomisjefen har adm. direktør som næraste overordna, er ein del av leiargruppa i selskapet og har p.t. 8 medarbeidarar til hjelp for utføring av sine ansvars- og arbeidsoppgåver. 
Me søker etter ein person med solid fagleg bakgrunn og med relevant erfaring. Du må ha analytiske evner og som person kunne bidra til godt samarbeid og god kommunikasjon med resten av organisasjonen, samt med kundar og samarbeidspartnarar. Evne til å sjå nye løysingar og vilje til å gjennomføre vedtekne endringar vil også bli vektlagd. Erfaring frå bruk av moderne ERPsystem og generelt god ITkunnskap er ein føresetnad.

Me kan tilby faglege utfordringar i ei spanande bransje i sterk endring, godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige løns og arbeidsvilkår. For nærare informasjon om stillinga, kontakt VTK v/adm.dir. Ketil Kvaale tlf. 971 41 311.

Søknad med CV og kopi av vitnemål og attester sendast innan 31. august 2020 til firmapost@vtk.no