Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
10.11.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3244488Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 26.10.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Økonomirådgjevar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har ledig stilling til deg som har god økonomikompetanse og vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Kommunen er inne i ei spennande tid og du vil vere sentral for at me skal lukkast med gode tenester. Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune?
Arbeidsoppgåver:
Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor økonomi, innkjøp og eigedomsskatt. Me er ein aktiv del av at kommunen skal nå sine mål og ha ei forsvarleg økonomiforvaltning som legg til rette for framtida. Me er ein ny organisasjon med rom for vidareutvikling for oss alle og du må kunne pårekne nye oppgåver. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og rådmann.
Du vil kunne jobbe med:
- verksemdstyring og utvikling
- årsbudsjett og økonomiplan
- økonomisk analyse
- finans
- rapportering
- økonomistyring, oppfølging, rettleiing
- innkjøp
- eigedomsskatt
- internkontroll mm
- skrive saker til politisk handsaming
Kvalifikasjonar:
- høgare utdanning på minimum bachelorgrad i økonomi eller andre relevante fag
- minimum tre års erfaring frå arbeid med budsjett- og økonomiplanarbeid
- gode IKT-kunnskapar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
Eigenskapar:
- evne til å arbeide både strategisk og operativt
- er nøyaktig og strukturert
- humor og arbeidsglede
- du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
- deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel
- er god til å formidle, forankre og få folk med på laget
Me tilbyr:
- eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- gode velferdsordningar
- fleksible arbeidstidsordningar
- løn etter avtale
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
10.11.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3244488Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 26.10.2020