• Bedrift
    Tokke kommune
  • Søknadsfrist
    27.04.2020
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Tokke
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2854946
  • Se her for andre jobber fra Tokke kommune
  • Oppdatert 01.04.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Tokke kommune

Økonomirådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera økonomirådgjevar i Tokke kommune p.t. økonomiavdelinga?

Økonomiavdelinga i Tokke kommune har hovudansvar eller delansvar for fagområda knytt til økonomiområda innan kommunal forvaltning.

Me er nå 4 medarbeidarar på økonomiavdelinga og held til i trivelege lokale på kommunehuset på Dalen. Medarbeidarane på økonomiavdelinga er fleksible og arbeider med fleire av arbeidsoppgåvene på avdelinga.

Med atterhald om kommunestyret si godkjenning har me nå ei ledig heiltidsstilling som økonomirådgjevar. Tilsetjing snarast råd.

Arbeidsoppgåver

Som økonomirådgjevar skal du arbeide med fleire av arbeidsoppgåvene på avdelinga, men i fyrste omgang hovudsakleg innan lønsområdet og fagprogram som høyrer til dette. I tillegg rådgjevar for etatane. Du må vera budd på endringar i arbeidsområdet.

Kvalifikasjonar

Du må ha høgare utdanning innanfor økonomiske fag eller lang praksis innan faget og kunnskap om offentleg forvaltning. Relevant praksis og kjennskap til kommunal forvaltning er ein føremon. Me ber søkjaren dokumentere utdanning og praksis og opplyse om referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar.

Søkjaren må vera tale- og skrivefør og lydhøyr. Me søkjer ein tiltaksam og ihuga fagperson som likar å finne løysingar og er serviceinnstilt.

Han eller ho må vera godlynt og arbeide godt så vel åleine som i lag med andre. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Me tilbyr

  • gode kollegaer
  • gode kommunale arbeidsvilkår
  • løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • god pensjonsordning i KLP

Generelle opplysningar

Fleire opplysningar om kommunen finn du på www.tokke.kommune.no .

Søknadsfrist og søkjemåte

Søknaden skal sendast elektronisk saman med cv gjennom www.tokke.kommune.no . Søknadsskjema må fyllast ut fullstendig.
Søknadsfrist: 27 april 2020

Kontaktinformasjon

Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje økonomisjef Tjøstov Djuve, tlf. 91840562 eller e-post: tjostov.djuve@tokke.kommune.no - eller rådmann John Kleiv tlf. 47468921.

Elektronisk søknadskjema:

 

  • Bedrift
    Tokke kommune
  • Søknadsfrist
    27.04.2020
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Tokke
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2854946
  • Se her for andre jobber fra Tokke kommune
  • Oppdatert 01.04.2020