Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Nynorskpraktikant i NRK

Radio- og TV-selskaper

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 36. praktikantkurset byrjar 4. januar og er ferdig 30. juni 2022. Det er fem plassar på kullet.

Til denne tid har vi lært opp 170 nynorskpraktikantar. 56 prosent av dei arbeider i media, om lag 40 prosent er i NRK.

Kvalifikasjoner:

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.

Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.

Personlige egenskaper:

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn. Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.

Vi tilbyr:

Seks månader løna opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.

Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.

Det er ingen garanti om arbeid etterpå. Men etter avslutta opplæring skal nynorskpraktikantane bli rekna som interne søkjarar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal dei ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Les meir om stillingane på https://nynorskmediesenter.no/

Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut nytt kull med søknadsfrist to dagar før oss.