Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Nyheitsjournalist i NRK Hordaland

Radio- og TV-selskaper

Vil du jobba i ein av dei beste nyheitsredaksjonane i NRK?

Me ser etter ein svolten, idèrik og ambisiøs reporter, som brenn for å fortelja dei viktige historiene.

Den som jobbar hjå oss må ønskja å laga innhald til alle plattformene våre; nett, tv, radio og sosiale medium. Me er på jakt etter ein medarbeidar som vågar å tenkja utradisjonelt og ønskjer å formidla nyheiter med humør og originale forteljargrep.

NRK Hordaland skal vera best på hendingsnyheiter og dei store sakene frå Vestlandet. På same tid skal me setja dagsorden med fordjupande saker og fortelja kvardagshistoriene som folk snakkar om rundt lunsjbordet. Strategien vår er «Først – med heile bildet».

Me ønskjer å laga journalistikk som skapar endring og løftar fram løysingar på problem i samfunnet.

I NRK vert du ein del av ein attraktiv arbeidsplass, og eit godt arbeidsmiljø der me er opptekne av å utvikla medarbeidarane våre.

Arbeidsoppgåver
  • Laga journalistikk til dei ulike plattformene til NRK, både saker laga på ein dag, og større fordjupande prosjekt.
  • Jobba for at NRK Hordaland set dagsorden, og følgjer strategien «Først – med heile bildet».
  • Levera bilder, video og direkterapportar frå felt.
  • Ha evne til å løfta saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum.
  • Jobba sjølvstendig og driva fram saker frå idé til ferdig reportasje.
  • Du må rekna med turnusarbeid med både kvelds-, morgon- og helgevakter.
Kvalifikasjonar
  • Det er ein fordel med høgare utdanning.
  • Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
  • God journalistisk teft og dokumentert evne til å jobba fram viktige eigensaker.
  • Du må læra deg redigerings- og publiseringsverktøy for radio, tv, nett og sosiale medium.
  • Godt og sikkert språk både munnleg og skriftleg. Me ønskjer at journalistane våre skal kunna skriva godt både på nynorsk og bokmål.
Personlege eigenskapar
  • Nysgjerrig, svolten og idérik.
  • Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
  • Brenn for å fortelja viktige historier.
  • Ha vilje til å dela kunnskap med kollegaer, og vera med på å løfta heile laget.
Vi tilbyr
  • Fast jobb i moderne og trivelege lokale i mediebyen i Bergen.
  • Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer.
  • Reising og overtidsarbeid kan verta aktuelt.
  • Privat AFP-ordning. Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
  • NRK er omfatta av Offentleglova, som gjev rett til innsyn i søkarlister. Søkaren må grunngje eventuelt ønskje om unntak frå dette. Om fritak ikkje vert akseptert, vil søkaren verta varsla og får tilbod om å trekka søknaden.