Send Søknad

Detaljer

  • Bedrift
    Avisa Hordaland
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Sted:
    VOSS
  • Type arbeid:
    Journalist
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Bransje:
    Media, informasjon og PR
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Nynorsk
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    VOSS
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    1628066
  • Se her for andre jobber fra Avisa Hordaland

NETTANSVARLEG

Hordaland er lokalavis for Voss og nabobygdene. Med eit opplag på ca. 8000 er Hordaland den største lokalavisa i fylket. Me held til i eige avishus sentralt på Voss. For meir informasjon, sjå www.avisa-hordaland.no.
Voss er regionsenter i indre Hordaland med ca. 14.600 inn­byggjarar. Bygda er ei naturperle med gode moglegheiter til rikt og aktivt friluftsliv heile året. Kommunen er ein god stad å veksa opp og har eit breitt spekter av tilbod innan utdanning, kultur og idrett. Voss har eit variert næringsliv og mange sosiale møteplassar.

Me søkjer
NETTANSVARLEG
i to års vikariat med gode sjansar til fast tilsetjing

Ein av våre journalistar skal ha permisjon for å vidareutdanna seg. Me søkjer etter god digital journalist med solid teft for nyhende og ynskje om å fortelja dei gode historiene. Den som vert tilsett vil gå inn som i stillinga som nett­ansvarleg. Du får ansvaret for oppdatering av nettsida, publiseringsplanar og fortløpande redigering av nettavisa. Du vert ein sentral person i Hordaland si satsing på nett.

Arbeidet vert utført i samarbeid med redaktør og dei andre journalistane. Hordaland har 11 journalistar som alle leverer til nett og papir.

Kjennskap til video og live-sendingar er ein føremon. Du må ha førarkort for personbil.

Målet vårt er nynorsk, og stødig og godt språk er ein føresetnad.

Hordaland kjem ut med papiravis tre dagar i veka, og publiserer dagleg på nett.

Den som vert tilsett går inn i vår vaktturnus.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkja.

Me ynskjer snarleg tiltreding.

Løn etter avtale.

Søknadsfrist 26. april.

Førespurnad om stillinga kan rettast til: Redaktør Geir Geitle, tlf 404 19 953, eller klubbleiar Ørjan Brattetveit, tlf 416 23 262.

Skriftleg søknad med cv og evt. arbeidsprøvar kan sendast på e-post til: gg@avisa-hordaland.no