• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3458711
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Musikkterapeut 50 % prosjektstilling, Helse og velferd

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Om avdelinga:

Stilliga vil vere knytt opp mot ulike avdelingar i Øygarden kommune.

Her får du ein moglegheit til å bruke moderne teknologi retta mot eldre med kognitiv svikt, både heimebuande og bebuarar på institusjon. Prosjektet har som overordna mål å skape gyldne augneblink, positive felles opplevingar og samtalar mellom mennesker. Målet er at verktyet kan vere med å motverke einsemd. På denne måten kan du gjere ein forskjell og bidra til utvikling av musikkterapi innan eldreomsorga. Du vil arbeida tett med andre musikkterapeutar i Øygarden kommune.

Prosjektstillinga har ein todelt funksjon. Å samle inn musikkpreferansar og bileter knytt til den enkelte si livshistorie. Kartlegginga legg grunnlaget for eit persontilpassa digitalt program for den enkelte eldre. Andre del av stillinga går ut på å veilede og koordinere bruk av musikk og bilete som inngangsport til gode opplevingar. Her får du moglegheiten til å samarbeide med frivillige, pårørande, fagpersonar og ungdomsskuleelevar knytt til “Innsats for eldre”.

Arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre innleiande kartlegging av musikkpreferansar og behov hjå deltakarar i prosjektet. Musikkterapeut hentar inn musikkpreferansar, bilete og anna i samtale med brukar/pårørande
  • Implementere og kooridinere bruk av eit digitalt verkty kalla SAMLA
  • Gje opplæring og veiledning til ungdomsskule-elevar, frivillige og pårørande i bruken av musikkterapi-appen SAMLA.
  • Arbeide på systemnivå for å videreføre SAMLA som eit verktøy som kan nyttast av andre yrkesgruppar (f.eks fysioterapeut, logoped, helsepersonell og frivillige).

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend 5-årig mastergrad i musikkterapi.
  • Fordel med arbeidserfaring i eldreomsorga og veiledningsarbeid.
  • God muntlig og skriftlig fremstillingsevne
  • Allsidig musikkterapeutisk kompetanse

 

Personlege eigenskapar:

  • Liker å arbeida med menneske
  • Initiativrik
  • Systematisk.
  • Evne til å motivere og veilede.
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.

Anna:

  • Eit års prosjektstilling i 50%
  • Må disponera bil

Vi tilbyr:

  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  IA- bedrift
  •  Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  •  Interessante utfordringar
  •  Høve til fagleg og personleg utvikling
  •  Godt fagmiljø - samarbeid med musikkterapeutane på eldreinstitusjonane i kommunen.

 

Kontaktperson: Guri Gjermstad Dypvik

Stillingstittel: Musikkterapeut

Telefon: 95966276

 

Kontaktperson: Line Barmen

Stillingstittel: Kommunalsjef for Helse og Velferd

Telefon: 99377018

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3458711
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.02.2021