Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
10.02.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Media, informasjon og PRUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0340, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3393287Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 25.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Norsk rikskringkasting AS
Musikksjef
Media, informasjon og PR
Musikksjef med heilskapsansvar for NRKs musikktilbod
NRK søker musikksjef med strategisk heilskapsansvar for NRKs musikktilbod på alle plattformer. Vi søker ein musikksjef med svært god forståing for NRKs oppdrag og rollen ulike musikktilbod speler i møte med publikum. Denne nyoppretta stillinga inneber å sørge for at summen av NRKs musikktilbod både løyser oppdraget og svarer på publikum sine behov og interesser, alt i takt med medieutviklinga.
Du er opptatt av at musikken treffer sitt publikum, du har kunnskap om kva som fascinerer, appellerer, og kva som engasjerer publikum. Du kan vise til djuptgåande kunnskap og erfaring fra ei breidde av musikksjangrar. Du er ein erfaren og trygg leiar som er dynamisk, kunnskapsrik og inspirerande. Du evnar å tenke langsiktig og strategisk og har både gjennomslagskraft og gjennomføringsevne.
Dialog og samarbeid med musikkmiljøa i NRK og musikklivet utanfor NRK er ein viktig del av denne stillinga. Du har høg kompetanse på strukturane som utgjer norsk musikkliv, og du har svært god kjennskap til mangfaldet i musikklivet og media. Du har mykje erfaring med samarbeid, trivst godt med å jobbe i grupper, og evnar å skape gode relasjonar med eit breitt spekter av menneske. Du er ein samlande og tydeleg leiar som er vand til å jobbe under press.
- Strategisk ansvar for at NRKs musikktilbod på alle plattformer er heilskapleg og mangfaldig og svarer på NRKs oppdrag, vedtekter og langtidsstrategi.
- Programsetting, utvikling, forvaltning, merkevarebygging av NRKs musikktilbod i samarbeid med mediesjefer og bestillere
- Legge til rette for musikksamarbeid og strategiske fellesprosjekt på tvers av radiokanalar og musikkmiljøa i NRK.
- Følge utviklingstrekk i musikkmarknaden nasjonalt og internasjonalt, og andre medietrendar knytt til musikk.
- Innhente og følge opp analyse om oppdrag, oppslutning og omdømme.
- Informasjon, dialog og samarbeid med innhaldsmiljøa som leverer musikkinnhald og musikklivet/eksterne samarbeidspartnarar.
- Profilere NRKs musikktilbod og musikkoppdrag utetter, og vere en deltakar i det offentlege ordskiftet
- Relevant høgskule eller universitetsutdanning (lang arbeidserfaring kan kompensere for formell utdanning)
- Leiarerfaring
- God kjennskap til og kunnskap om NRKs samfunnsoppdrag, vedtekter (og strategiske mål)
- Velutvikla kunnskap om det lineære og digitale tilbodet til NRK og andre medieaktørar
- Djuptgåande /grundig kunnskap og erfaring frå ei breidde av musikksjangrar
- Relevant medieerfaring
- Du set strategisk retning og mobiliserer organisasjonen
- Du er innovativ og produserer nye idéar og løysingar
- Du samarbeider godt med andre og deler kunnskap, erfaringar og informasjon
- Du kommuniserer på ein presis og strukturert måte
- Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringskraft
- Du har sterk påverknadskraft og får ofte gjennomslag for idéane og planane dine
Fast stilling med tiltreding etter avtale
Ein spennande leiarjobb i radioleiinga i NRKGodt arbeidsmiljø, gode kollegaer og utfordrande oppgåver
Reiseverksemd må påreknast
Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
10.02.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Media, informasjon og PRUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0340, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3393287Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 25.01.2021