Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Nynorsk kultursentrum

Museums- og festivalsekretær Vinje-senteret

Ledig stilling som museums- og festivalsekretær i Vinje-senteret

Her er høvet for deg som vil vere med å skape ein ny kulturinstitusjon i Vest-Telemark. Dette er ei heil fast stilling som gjennomfører Litteraturdagane i Vinje, kulturprogrammet til Vinje-senteret og Nynorsk kultursentrum sine prosjekt i Bokåret 2019. Til stillinga ligg sekretær- og salsoppgåver for Vinje-senteret for dikting og journalistikk.

Frå 2018 driv Nynorsk kultursentrum Litteraturdagane i Vinje, kulturprogram og omvisingar i Vinjestoga. I 2019 byrjar ombygginga av tidlegare Vinje skule til ein nasjonal kulturinstitusjon for dikting og journalistikk. Etter planen opnar Vinje-senteret sine første utstillingar i 2021.

Som eit ledd i opptrappinga mot full drift av Vinje-senteret for dikting og journalistikk opprettar Nynorsk kultursentrum stillinga som museums- og festivalsekretær i Vinje. Prosjektmedarbeidaren vil arbeide tett i lag med dagleg leiar for Vinje-senteret og frivillige lag og enkeltpersonar for å skape ein ny kulturinstitusjon i Telemark.

Du får brukt det du kan om organisering, logistikk og kulturarrangement. Museums- og festivalsekretæren gjer avtalar med utøvarar og samarbeidspartnarar, lager køyreplanar for arrangement og produksjonsplan for Litteraturdagane i Vinje. Den som får stillinga har også ansvar for postjournal, fakturering, sal av butikkvarer, tinging av omvisingar og administrerer reiser og møte for utstillingsgruppa. I 2019 koordinerer museums- og festivalsekretæren turnear med utstillingar og arrangement i regi av Nynorsk kultursentrum i Bokåret.

Vinje-senteret er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum som driv to andre dokumentasjons- og opplevingssenter og festivalar. Prosjektmedarbeidaren kan nytte etablerte rutinar og verktøy til å gjennomføre dei fleste av oppgåvene sine. Stillinga vil innebere noko reising og arbeid i helg og på kveldstid.

Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. mars 2019. Stillinga har kontorplass i Vinje i Telemark. Fleire opplysningar får du hos dagleg leiar Kristian W. Rantala, tlf. 410 17 255.

Grip sjansen: Send søknad med cv og attestar seinast måndag 14. januar til admin@aasentunet.no.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark, tre festivalar, det digitale oppslagsverket Allkunne.no og forvaltar Vinje-fondet. Frå 2019 har Nynorsk kultursentrum 23 fast tilsette og ventar inntekter på om lag 32 millionar kroner. Kvart år har vi om lag 30 000 gjester på arrangement, festivalar, turnear og utstillingar og 650 000 besøk på nettstadene våre.