• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3944572
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut/våken nattevakt - 61 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 61 % fast stilling som miljøterapeut i våken nattevaktstilling, med arbeid kvar 3. helg. Tiltrede for stillinga vert 01.09.2021, eller etter avtale. Stillinga er for tida knytt til Skrenten omsorgsbustad pluss lokalisert på Lindås

Om Psykisk helse og rus avd. Lindås

Psykisk helse og rus avd.Lindås, er eit heildøgnbemanna butilbod - omsorgsbustader pluss, Skrenten og Krossleitet. Avdelinga gjev tilbod til 11 personar.

Målgruppa er mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar med behov tenester og tilsyn gjennom døgnet i eigen leiligheit. Tenesta har som mål å skape gode og trygge butilhøve og hjelpe enkeltmenneska til å leve mest mogleg sjølvstendige liv utifrå ei recoverybasert tenkning.

Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn og oppfølging utifrå behov og individuelle vedtak
  • Relasjonsarbeid, gjennomføre og legge til rette for tryggheit og søvn
  • Brannrunder, halde ro og orden i bustad gjennom natta
  • Gje rapport på morgonen- få rapport på kveld skrifteleg/muntleg
  • Bidra til godt bu- og arbeidsmiljø som medmenneske og fagperson
  • Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Vi søkjer etter deg som har 3-årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning med erfaring frå arbeid med målgruppa
  • Sertifikat kl. B

Ønskt kompetanse

Medisinkurs er ein fordel

Personlege eigenskapar

Du liker å arbeide med mennesker og har engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt sjølvstendig og trivast i eit utviklande fagmiljø.

Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på personleg eignaheit. 

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling
  • Rettleiing
  • Tilsetjing i hht avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3944572
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.06.2021