• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    17.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655563
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut med mogleg driftskoordinatorfunksjon - 80 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 80 % fast stilling som miljøterapeut. Det vil bli vurdert å tillegge driftskoordinatorfunksjon til stillinga. Stillinga er planlagt organisert med kortvakter på inntil 7,5 time og arbeid kvar 4. helg. Stillinga er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Knarvik.

Om Heildøgnsbemanna butilbod

Avdeling heildøgnbemanna butilbod er ei eiga avdeling med tre bufellesskap for menneske med alvorlege psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga inkluderer også ein institusjon for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet. Avdelinga har to bustader lokalistert på Lindås, ein i Knarvik medan institusjonen vår ligg på Manger.

Stillinga er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss, i Knarvik, og gjev tilbod til 6 personar.

Arbeidsoppgåver

Funksjon som driftskoordinator inneber å ha oversikt og ansvar for dagleg drift i bustaden, i lag med avdelingsleiar. Ein vil få delegerte oppgåver og ansvar knytt til dagleg drift i bustaden. 

  • Miljøterapi og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø
  • Relasjonsarbeid med fagleg tilnærming
  • Gjennomføre og leggje til rette for naudsynt helsehjelp
  • Samtalar og aktivitet etter vedtak tilpassa den einskilde
  • Bidra til godt bumiljø som medmenneske og fagperson
  • Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå fagfeltet psykisk helse og rus
  • Sertifikat klasse B

Ønskjeleg kompetanse

  • Vidareutdanning i psykisk helse

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus
  • Du har arbeidserfaring frå feltet
  • Du er trygg i møte med andre og kan ta sjølvstendige avgjersler
  • Du er initiativrik, fleksibel og likar å arbeide i team
  • Du er handlekraftig, tolmodig og bestemt

 Erfaring frå arbeid med brukargruppa, personlege eigenskapar og samarbeidsevner vert tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling
  • Rettleiing
  • Tilsetjing etter gjeldande avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    17.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655563
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.06.2022