• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4868169
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 11.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Miljøterapeut med fagansvar i Helsetunvegen 1

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer:
Miljøterapitenesta har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut med fagansvar frå 01.01.2023. Stillinga inneberer 50 % kontortid dag og 50 % arbeid i turnus med brukarar. Turnusen har langvakter kvar fjerde helg.
Har du stor arbeidskapasitet, er strukturert og sjølvstendig, har evne til å rettleie og gode samarbeidsevner – då håpar vi du søkjer jobb hos oss!
Miljøterapitenesta er ei stor avdeling som er delt opp i ulike områder. Stillinga er knytt til området Helsetunvegen 1. Vi har faste faglege møtepunkt og personalmøter i turnus.


Arbeidsoppgåver:
• Saksbehandling og oppfølging av vedtak, irekna utarbeiding og oppfølging av vedtak etter hol. kap. 9 og pbrl. 4A
• Oppfølging av brukarane si fysiske og psykiske helse
• Opplæring og rettleiing av tilsette
• Oppdatere, implementere og følgje opp nasjonale veiledere, lovendringar o.l.
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørande, verger, fastlege, spesialisthelsetenesta og andre instansar internt og eksternt
• Koordinere og følgje opp det faglege arbeidet i interne og eksterne grupper
• Kartlegge, iverksette og evaluere det miljøterapeutiske arbeide
• Utarbeide rutinar og prosedyrar
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Medisinhandtering
• Rettleie studentar, lærlingar og elevar
• Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller sjukepleiar,
• Søkjarar med helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgare utdanning kan bli vurdert
• Kjennskap til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9
• God kunnskap og ferdigheit knytt til data og IKT
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Relevant erfaring og personleg dugleik vil bli vektlagt
• Førarkort klasse B

Vi ynskjer at du har:
• Kompetanse i målretta miljøarbeid
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming og autisme
• Gode samarbeidsevner, evne til omstilling og er løysningsorientert
• Kunnskap i bruk av elektroniske hjelpemiddel. Det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane

Vi tilbyr:
• Ein interessant og utfordrande jobb med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold
• God pensjonsordning
• Fri tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)

For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4868169
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 11.11.2022