• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3525568
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 27.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Miljøterapeut med fagansvar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapitenesta gir tenester til heimabuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte leiarar, og vi har ein eigen engasjert avdelingsleiar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.

Vi legg vekt på brukarstyring i det daglege der «Aktiviteter i dagleglivet» (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.

Stillingane som miljøterapaut med fagansvar er knytt bebuarar Helsetunvegen. Det er eit godt samarbeid med dei som jobbar på dag og kveld rundt tilbodet til den einskilde. Vi bruker journalsystemet Gerica og turnussystemet Visma ressursstyring som gode hjelpemiddel i arbeidet.

Stillinga har arbeidstid på dag, samt kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver:
• Helseoppfølgjing av brukarar 
• Lage tiltaksplanar
• Lage prosedyrar for brukar, følgje opp, endre og implementere
• Faglig rettleiing av personale i avdelinga
• Brukarmøter i samarbeid med dei tilsette
• Legge til rette for ansvarsgruppemøter
• Vere med i rettleiing i pleie og daglege gjeremål hos bebuar
• Samarbeid med andre involverte partar som Fylkesmannen, habiliteringstenesta og legetenesta

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller sjukepleiar
• Førarkort for bil
• Gode norskunnskapar

Vi ynskjer at du har:
• kjennskap til psykisk utviklingshemma
• kjennskap til epilepsi
• kjennskap til Helse og omsorgstjenesteloven kap. 9

Vi søkjer etter deg som:
• har gode samarbeidsevner
• er løysingsorientert
• har analytiske evner
• er positiv, engasjert og villig til å gi det lille ekstra for brukarar og tilsette

Vi tilbyr:
• Engasjerande arbeidsoppgåver
• Fagleg samarbeid
• Moglegheit for fagleg utvikling

For stillinga gjeld:
• Løn etter tariffavtale for høgskuleutdanna, samt eitt tillegg for å vera fagansvarleg
• Gode pensjonsordningar

Anna:
• Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om               søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). 
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett 
  e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3525568
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 27.02.2021