Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
14.02.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3383031Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 20.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gol kommune
Miljøterapeut med fagansvar - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøterapitenesta gir tenester til heimabuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte leiarar, og vi har ein eigen engasjert avdelingsleiar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.
Vi legg vekt på brukarstyring i det daglege der «Aktiviteter i dagleglivet» (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.
Stillingane som miljøterapaut med fagansvar er knytt bebuarar Helsetunvegen. Det er eit godt samarbeid med dei som jobbar på dag og kveld rundt tilbodet til den einskilde. Vi bruker journalsystemet Gerica og turnussystemet Visma ressursstyring som gode hjelpemiddel i arbeidet.
Stillinga har arbeidstid på dag, samt kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver:
• Helseoppfølgjing av brukarar
• Lage tiltaksplanar
• Lage prosedyrar for brukar, følgje opp, endre og implementere
• Faglig rettleiing av personale i avdelinga
• Brukarmøter i samarbeid med dei tilsette
• Legge til rette for ansvarsgruppemøter
• Vere med i rettleiing i pleie og daglege gjeremål hos bebuar
• Samarbeid med andre involverte partar som Fylkesmannen, habiliteringstenesta og legetenesta
Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller sjukepleiar
• Førarkort for bil
• Gode norskunnskapar
Vi ynskjer at du har:
• kjennskap til psykisk utviklingshemma
• kjennskap til epilepsi
• kjennskap til Helse og omsorgstjenesteloven kap. 9
Vi søkjer etter deg som:
• har gode samarbeidsevner
• er løysingsorientert
• har analytiske evner
• er positiv, engasjert og villig til å gi det lille ekstra for brukarar og tilsette
Vi tilbyr:
• Engasjerande arbeidsoppgåver
• Fagleg samarbeid
• Moglegheit for fagleg utvikling
For stillinga gjeld:
• Løn etter tariffavtale for høgskuleutdanna, samt eitt tillegg for å vera fagansvarleg
• Gode pensjonsordningar
Anna:
• Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
14.02.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3383031Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 20.01.2021