• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    07.08.2022
  • Stillingsfunksjon
    Engasjement
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4706928
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 22.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Miljøterapeut – 90 % midlertidig stilling – Helland barneskule

Offentlig forvaltning

Stillingstype

Det er ledig 90 % midlertidig stilling som miljøterapeut ved Helland barneskule for perioden 15.08.2022-31.07.2023.

Vi søkjer etter miljøterapeut som vil ha direkte arbeid med elevar med utfordringar, samt førebyggjande sosialfagleg arbeid. Miljøterapeuten vil vere sentral i å analysere og gjennomføre heilskapelege tiltak for elevar i skuletida/fritid, samt rettleie kollegaer og føresette. Det vil vere tett samarbeid med dei tilsette på skulen og andre samarbeidsaktørar som helsestasjon, barnevern, PPT, flyktningtenesta og BUF.

 Dette er ei komprimert stilling som vil følgje skuleruta med fri i skuleferiane.

 Arbeidsoppgåver

-       tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov

-       legge til rette for eit godt læringsmiljø i skulen

-       analysere, koordinere og gjennomføre tiltak i eit heilskapeleg perspektiv i høve skule/heim

-       rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt

-       tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov

 Kvalifikasjonar

-       høgskule - eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljøterapeut

-       erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder.

-       ønskjeleg med erfaring i bruk av ulike metodar innanfor åtferdsendring

-       ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter

-       ønskjeleg med erfaring/kompetanse i traume og tilknytingsvanskar

-       beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

-       ha god kommunikasjonsevne

-       digital kompetanse

-       det blir stilt krav om politiattest

-       personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.

 Personlege eigenskapar

-       fagleg engasjert

-       evne til relasjonsbygging

-       takle utfordrande situasjonar

-       konfliktførebyggjande og dempande- åtferd

-       er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen

-       er stabil og fleksibel

-       har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

 Vi tilbyr

-       allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar

-       løn etter gjeldande regelverk

-       pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale

-       kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

 Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 Referansar

Oppgi referansar

 Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

 Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 Søkjarlista kan bli offentliggjort

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    07.08.2022
  • Stillingsfunksjon
    Engasjement
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4706928
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 22.07.2022