• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    21.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943691
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 07.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.

Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.

Vi jobbar med å implementere NORSE som eit verktøy i oppfølginga av brukarane våre. Psykisk helse og rus samarbeidar også tett med jobbspesialistar.   

I eininga er vi omlag 20 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også ei utekontaktstilling i eininga som jobbar førebyggjande opp mot ungdom. I tillegg har vi tilsett erfaringskonsulentar i prosjektstilling. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar også at ein er trygg på eigne avgjerdsle.

Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. 

Vi har ledig:
  • 60 % vikariat i perioden frå 13.03.23 og ca eit år framover. Det kan vere moglegheit for å auke opp til 80%

Stillinga er dagarbeid og ligg til sone Vassenden.

Kvalifikasjonar:
  • tre årig høgskule med helse- og sosialfagleg bakgrunn. Helsefagarbeidar kan også vurderast for stillinga
  • relevant erfaring kan kompensere for manglande formal kompetanse
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som:
  • har gode samarbeidsevner
  • er positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • er strukturert, sjølvstendig og trygg
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver:
  • oppfølging av tenestemottakarar
  • dokumentere i relevant fagsystem
  • arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
  • bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
  • tverrfagleg arbeid
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • sunnfjord kommune tilbyr kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Vi oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    21.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943691
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 07.01.2023