• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4893701
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Miljøarbeidartenesta i Austevoll kommune har ledig to 100 % stillinger for deg med relevant høgskuleutdanning. Vi tilbyr turnus der det er avsatt fagadministrativ tid.

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktiviteter tilpassa den einskilde sitt behov
  • Målretta miljøarbeid og burettleiing
  • Medisinadministrasjon dersom du har helsefagleg kompetanse
  • Sørga for at tenestemottakarane får tenester med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak
  • Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet.
  • Koordinere tenester ovanfor tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid med tenestemottakarar,pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser.
  • Rettleiingsoppgåver mot pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar

Vi søkjer ein engasjert medarbeider som vil vere med å

  • Videreutvikle tenester
  • Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør

Anna/personlege eigenskapar:

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg
  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Gode evner til samarbeid med andre.
  • Førarkort for personbil

Kvalifikasjoner:
Helse og sosialfagleg bachelorutdanning.
Andre med relevant helsefagleg utdanning eller under vernepleierutdanning kan bli vurdert.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4893701
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.11.2022