Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
06.03.2021Stillingsfunksjon
MiljøterapeutBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3490808Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 17.02.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til innbyggjarane i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege råmer.
Vi jobbar med å implementere NORSE som eit verktøy i oppfølginga av brukarane våre. Sunnfjord kommune skal også tilsette jobbspesialistar som vil ha eit tett og nært samarbeid med vår eining framover. I tillegg planlegg vi for utdanning i kognitiv terapi.
I eininga er vi omlag 20 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også ei utekontaktstilling i eininga som jobbar førebyggjande opp mot ungdom. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar også at ein er trygg på eigne avgjerdsle.
Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.
Vi har ledig følgande stilling:- 100 % vikariat frå 01.05.2021 - 01.05.2022, med moglegheit for forlenging og/eller evt fast stilling
- 100 % vikariat med oppstart juli/august, etter nærmare avtale med leiar
Stillingane er i utgangspunktet dagarbeid og ligg til sone Sande. Ein må likevel kunne pårekne å måtte jobbe på kveld og helg og i andre soner, dersom behovet for dette skulle oppstå.
Krav til søkar:- tre årig høgskuleutdanning med helse- og sosialfageleg bakgrunn. Det er ønskeleg med vidareutdanninng innan psykisk helsearbeid og/eller rus og rusproblematikk, men ikkje eit krav. Anna relevant utdanning eller erfaring kan vurderast. Personar som er under eit utdanningsforløp, kan også vurderast som aktuelle for stilling. I det eine vikariatet kan fagbrev som helsefagarbeidar vurderast dersom ein har relevant erfaring
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
- førarkort klasse B
- gode samarbeidsevner
- positiv, nysgjerrig og reflekterande
- strukturert
- sjølvstendig
- fleksibel og løysningsorientert
- bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- oppfølging av tenestemottakarar
- dokumentere i relevant fagsystem
- arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
- bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
- deltaking og bidrag i etablering av ny eining
- tverrfagleg arbeid
- engasjerte kollegaer og leiarar
- godt arbeidsmiljø
- faglege utfordringar
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- sunnfjord kommune tilbyr kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Du må søke elektronisk
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
06.03.2021Stillingsfunksjon
MiljøterapeutBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3490808Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 17.02.2021