Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Miljøterapeut - 2 x100 %

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega?

Me har ledig 100 % fast stilling og 100 % årsvikariat som miljøterapeut frå mars 2023. Stillingane er for tida med i eit prosjekt med medleverturnus, dette kan medføra endringar på turnus. Meir informasjon om dette får du hos kontaktpersonane i annonsa.

Du vil saman med din faste makker, gje tenester i medlevarturnus. Turnusen er pr i dag 2-7, 2-7, 3-7. Du må ha erfaring som tenesteytar til personar med autisme, psykisk utviklingshemming, åtferdsvanskar og lite verbalt språk. Du må vera trygg på deg sjølv i situasjonar som kan endra seg raskt, og som kan utvikla seg til utageringar. Du må vera ein god kollega som på kort varsel kan stilla opp for kollegaene din i krevjande situasjonar saman med brukar. Det er ynskjeleg at du har kurs i å meistra utfordrande åtferd. (MAP-kurs eller tilsvarande.) Du må ha gode munnlege og skriftlege framstillingsevner. Ein del av arbeidet inneber administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging/fasevurderig og arbeid med indivduell plan.

Tolomarka omsorg og avlastning er eit forsterka bufellesskap for 3 personar, og ei eiga avlastningsavdeling for barn og unge med utviklingshemming. Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.

Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer
  • Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak
  • Primærkontaktansvar

Kvalifikasjonar

  • Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
  • Autorisert vernepleiar eller anna relevant helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Førarkort klasse B
  • Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg språkleg
  • Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer oss deg som:

  • er ein trygg vaksenperson med livserfaring
  • har solid fagleg forankring og god gjennomføringsevne
  • har evne til både sjølvstendig arbeid og i team
  • er lojal mot avgjerder som er tekne i arbeidsgruppa, og er behjelpeleg med å hjelpa andre brukarar ved behov
  • er kreativ, fleksibel, initiativrik og ha gode praktiske evner

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  

 

Stillingsannonse i Hordaland Folkeblad
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse