• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3805743
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% fast stilling - MMNF sone Straume

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Stillinga er delt 50 – 50 mellom Straume arbeids- og aktivitetssenter og Straumehagen omsorgbase. Straume arbeids- og aktivitetssenter er for vaksne utviklingshemma. Oppgåvene er varierte og tilpassa den einskilde. Det er fokus på arbeidstrening, aktivisering og stimulering.

Straumehagen Omsorgsbase yter tenester til unge vaksne med samansette hjelpebehov som mottek tenester i eigen bustad. Turnus med arbeid fjerde kvar helg.

Stillinga er ledig frå 14.06.2021

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og oppfølging av den einskilde tenestemottakar
  • Tilrettelegge arbeids- og aktivitetsoppgåver
  • Bidre til ein aktiv kvardag med sosial – og adl trening
  • Iverksetjing og oppfølging av tiltak med særleg fokus på tenesteutvikling
  • Medisinhandtering

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Bachelorutdanning innan vernepleie eller sjukepleie
  • Medisinkompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Kjennskap til målgruppa

Personlege eigenskapar:

  • Løysningsorientert
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Strukturet
  • Gode samarbeidsevner

Anna:

  • Sertifikat

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

May-Liss Snekkevik, Avdelingsleiar – Tlf 55 09 69 20

Hildegunn Vengen, Einingsleiar – Tlf 90 27 28 00

 

  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3805743
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.05.2021