• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4876874
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% fast, Rus og psykisk helse sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapeut 100% fast – Rus og psykisk helse sone sør.

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Rus og psykisk Helse er organisert under Helse og velferd, deretter er det inndelt i 3 soner. Aktuell stilling er plassert i sone Sør, med tenestestad i Skogsskifte. Den ledige stillinga er i oppfølgingstenesta pg arbeidet er på dagtid. Oppfølgingstenesta består av 6 årsverk som har oppfølging av personar med utfordringar innan rus og psykisk helse og autismespekter.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Brukaroppfølging – miljøterapi i form av oppfølging på kontor eller ved heimebesøk.
  • Legemiddelhandsaming.
  • Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar.
  • Følgje opp vedtak
  • Praktisk arbeid
  • Koordinator og individuell plan.

 

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjuklepleiar/vernepleiar.
  • Relevant vidareutdanning er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid med menneske med rus og psykiske lidingar
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
  • Krav om tilfredsstillande politiattest
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Interesse for fagfeltet
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheter
  • God relasjonskompetanse
  • Påliteleg, robust, fleksibel og trygg i arbeidsrolla si
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar Therese Helgesen, Therese.Helgesen@oygarden.kommune.no, 55 09 40 62/91 52 97 95

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4876874
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.11.2022