• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4707342
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 13.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Miljørettleiar ved Ål ungdomsskule

Offentlig forvaltning

Vil du bidra til å vidareutvikle eit godt og inkluderande elev- og læringsmiljø i Ål? Då er dette jobben for deg!

Me søker
Det er ledig stillingar som miljørettleiar ved Ål ungdomsskule:

  • Inntil 200 % vikariat i perioden 01.08.2022-31.07.2023

Miljørettleiarar arbeider med sosialpedagogiske tiltak, både som ein del av den generelle bemanninga og med enkeltelevar. Det kan vere sosiale vanskar, utfordrande åtferd og/eller skuletrøttleik. Kontaktlærarane har det faglege ansvaret, og miljørettleiarane vil samarbeide med kontaktlærar/faglærar om opplæringstilbodet i klassen.

Vår overordna visjon er "I eit inkluderande læringsmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv". Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Ål er MOT-kommune. 

For meir informasjon om Ål ungdomsskule, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning som t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande
- Interesse for og aller helst erfaring med elev/læringsmiljøarbeid

Arbeidsoppgåver
- Følgje opp enkeltelevar i klasse og gruppe
- Ta del i læringsmiljøarbeidet ved skulen og i kommunen
- Kontakt med føresette
- Observasjon og rettleiing av andre på enkelte fagområde
- Dokumentasjon og deltaking i møter

Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer at du:

- Har godt lag med ungdom
- Er tydeleg og omsorgsfull
- Kan arbeide sjølvstendig og målretta
- Kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
- Har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
- Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
- Har godt humør og pågangsmot
- Ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr
- Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Engasjerte vaksne og barn

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. klikk på "Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert fortløpande kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og evtenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden. 

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4707342
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 13.08.2022