• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3064586
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.08.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøarbeidar - 71,35 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du arbeide saman med oss og vere med på å vidareutvikle tenester til menneske med psykiske helse- og/eller rusproblem? Har du engasjement for fagfeltet og deler raust omsorg, kunnskap og erfaring med andre? Då ønskjer vi akkurat det til å arbeide saman med oss.

Kort om stillinga

Vi har ledig fast stilling som miljøarbeidar med arbeid kvar 3. helg i 74 % stilling. Stillinga er organisert i langvakter på inntil 12 timar. Stillinga er for tida knytt til Radøy interkommunale busenter på Manger. Vi søkjer etter deg som er utdanna sjukepleiar/vernepleiar med erfaring og engasjement for fagfeltet psykisk helse. Anna helsefagleg utdanning kan bli vurdert. Vi ønskjer at du tiltrer snarast råd.

Om heildøgnbemanna butilbod

Avdeling heildøgnbemanna butilbod Knarvik og Manger er ei eiga avdeling med ein omsorgsbustad pluss for menneske med psykiske lidingar og ROP-lidingar og ein institusjon for menneske med langvarige psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet. Avdelinga har ein bustad lokalisert i Knarvik og ein institusjon på Manger.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø utifrå behov og målsetting med miljøterapeutiske tiltak
  • Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring med arbeid i psykisk helse- og rusfeltet
  • Sertifikat klasse B

Anna helsefagleg utdanning kan bli vurdert.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:

Du har engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus. Du har arbeidserfaring frå feltet og er trygg i møte med andre. Du tek ansvar og kan ta sjølvstendige avgjersler. Du er initiativrik, fleksibel og trives i arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. 

Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
Fagutvikling
Rettleiing
Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3064586
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.08.2020