• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4792013
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljøarbeidar 20% fast, Lyngheia bufellesskap

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøarbeidar 20% fast – Lyngheia bufellesskap

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Lyngheia bufellesskap yter heildøgns omsorgstenester til 6 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Lyngheia bufellesskap ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ei flott og samansett personalgruppe beståande av vernepleiare, helsefagarbeidarar og assistent.

 

Vi har no ledig 20 % fast stilling som miljøarbeidar, fortrinnsvis helsefagarbeidar

 

Arbeidsoppgåver:

  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fagbrev innan helse eller studentar i helsefag
  • Arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå liknande arbeid

Ønskjeleg med:

  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Trygg og ansvarsbevisst
  • Engasjert, fleksibel og initiativrik
  • Påliteleg, audmjuk, tolmodig og omgjengeleg
  • Evne til finne løysingar og arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.

 

Anna:

  • Stillinga er ledig omgåande
  • Årsturnus med arbeid kvar 3.helg.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Lyngheia bufellesskap May-Liss Snekkevik tlf 913 66 570

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4792013
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.09.2022