Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
20.09.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Alver
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4037983Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 14.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Messingpedagog - 20% Fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
20% fast stilling som messingpedagog i Alver kulturskule med særskild vekting på grovmessingundervisning. Han/ho som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule, og primært Kløvheim skule som undervisningsstad.
Undervisingsdag måndag skuleåret 2021/22, undervisninga er knytt opp til gruppe og enkeltundervisning i skulekorpset.
Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Om Alver kulturskule
Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst. Undervisninga er desentralisert, men med hovudvekt av undervisninga på kulturskulesentra på Manger, Frekhaug og i Knarvik.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av einskildelevar på messinginstrument og grupper på alle nivå; prosjekt og samspel. Undervisninga er knytt til opplæring i skulekorps med brassbandbesetning og legg særskild vekt på grovmessingundervisning.
Oppgåver knytt til elevar som spelar grovmessinginstrument.
Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen og skulekorpsstyret.
Undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Kompetansekrav
- Relevant kulturgagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med grovmessinginstrument som hovudinstrument
- Relevant erfaring som grovmessingpedagog innan skuleslaget
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Politiattest
Til denne stillinga er det krav om framlegging av politiattest før tilsetjing.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
20.09.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Alver
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4037983Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 14.09.2021