Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
27.10.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4737391Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 25.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Medarbeidar tilsyn/sakshandsaming utslepp
Offentlig forvaltning
Vatn er ein av våre viktigaste ressursar. Saman med oss vil du sørga for god vasskvalitet og bidra til å ivareta naturen i Hallingdal. Dine oppgåver er å følgje opp vassdirektivet, handsame utsleppssøknadar og føre tilsyn med private avløpsanlegg. Fine sommardagar kan du stikke frå kontoret og vera ute i felt.
Avdelinga er vertskap for kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning (KAV) for kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå, lokalisert på Torpomoen.
Arbeidsoppgåver:
- tilsyn og oppfølging av små og store avløpsanlegg
- kartlegging og oppfølging av oljeutskiljar
- sakshandsaming for små avløpsanlegg
- rapportskriving etter tilsyn
Me ønskjer at du:
- har relevant utdanning, praksis eller erfaring - ingeniør, byggfag, røyrleggjar, graveentreprenør med ADK-sertifikat
- har erfaring frå avløpssaker og kommunal sakshandsaming
- har kjennskap til ulike reinseprosessar i større avløpsreinseanlegg
- har gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar:
- vilje og evne til å lære nytt
- er serviceinnstilt, ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg på norsk
- likar og har evne til å koma i kontakt med andre
Me tilbyr:
- arbeid ute i felt i sumarhalvåret
- et arbeidsmiljø preget av godt humor og trivsel
- varierte, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- fagleg og personleg utvikling
- løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
Søkjarar må ha førarkort for bil.
Send søknad:
Bruk elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden på heimesida til Ål kommune.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og eventuelt tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Søkjarar som ynsker å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
27.10.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4737391Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 25.08.2022