• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    31.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3187, HORTEN
    HORTEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3058183
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 17.08.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Horten

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket har fem sjøtrafikksentralar, desse er plassert i Brevik, Fedje, Horten, Kvitsøy og  Vardø. Horten sjøtrafikksentral dekker heile Oslofjordområdet frå svenske grensa.  Trafikksentralen har 13 trafikkleiarar i heilkontinuerlig skift.

Det er ledig stilling som maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Horten. For nærare opplysningar om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar sjå teksta under.

Arbeidsoppgåver
  • Maritim trafikkovervaking
  • Koordinering av skipsrørsler i samsvar med norske reglar
  • Varslings- og beredskapsoppgåver
  • Utferding av navigasjonsvarsel
  • Administrative oppgåver må påreknast
  • Ekstra arbeid for å fylle årsverket vil bli pålagt
  • Lista er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
  • Ha løyst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
  • Aktuell og allsidig maritim erfaring
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og  engelsk
  • Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 måneder
  • Kandidaten må kunne bli sikkerhetsklarert da det kan verte krav om sikkerheitsklarering
  • Bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheter.
  • Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
  • Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjerdsler
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • God sjølvinnsikt
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg

Søkaren må opplyse om:

  • Tidlegare søknadar som trafikkleiar (årstal)
  • Tre referansar
Vi tilbyr
  • Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt, utviklande og godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Ferieheimsordning på Kystverket sine fyr, samt andre gode velferdstiltak
  • Løn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, ltr 46-56, kr. 420 700 - 496 100, samt tillegg etter Statens hovedtariffavtalar og til ein kvar tid gjeldande særavtale for trafikkleiarar i Kystverket
  • Det er utarbeidd eigne retningsliner for å oppnå og oppretthalde tenestebevis og autorisasjon, som maritim trafikkleiar

Andre opplysningar

  • Sjøtrafikksentralen er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga. I tillegg må den som vert tilsett inngå i ei heimeberedskapordning, med krav om responstid på 2 timar ved utkall. Ein vil ha ca 30 beredskapsvakter pr år.
  • Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar. Opplæringa har to delar:
    • Eit sentralt kurs for å få tenestebevis som maritim trafikkleiar.
    • Ei lokal opplæring på sjøtrafikksentralen.
    • Begge prøvene må gennomførast med tilfredsstillande resultat og er eit krav for å kunne arbeide på sjøtrafikksentralen.
  • Kystverket skal være prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
  • Arbeidsstad for stillinga: for tida Horten.
  • Dato for test: 15.09.2020
  • Dato for intervju: 23.09.2020 

Kystverket er for tida under omorganisering og ny organisasjon vil vere på plass frå 2021.

 

 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    31.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3187, HORTEN
    HORTEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3058183
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 17.08.2020