Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
18.06.2022Stillingsfunksjon
RådgivarAnsettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4655542Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 04.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Logoped og PP-rådgivar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
PPT i Sunnfjord kommune består i dag av to tett samarbeidande tenester, PPT og kompetanseteamet. PPT yter tenester for barn og unge i alderen 0-16 år. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 5-6. Kompetanseteamet er ei støtte- og rettleiingsteneste for barn med særlege behov.
PPT og kompetanseteamet held til i rådhuset i Førde. Vi legg vekt på å ha eit positivt og støttande, kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar.
- 100 % fast nyoppretta stilling som logoped i kompetanseteam
- 100 % vikariat som PP-rådgivar frå 01.08.2022-30.06.2023
Logoped:
- gi logopedteneste til barn i barnehagealder
- rettleiing til føresette og tilsette i barnehage
PP-rådgivar:
- system- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta
- sakkunnig arbeid etter opplæringslova
- konsultasjon, rettleiing og rådgiving til skular
- kartlegging av born og unge
- samarbeid med føresette, skular og hjelpeapparat
- kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge til rette skuletilbodet for elevar med særlege behov
Logoped:
- utdanning som logoped
- rettleiingskompetanse
- kjennskap til kartleggingsverktøy og tiltak
PP-rådgivar:
- psykolog eller master/hovedfag innanfor områda spesialpedagogikk/pedagogikk/psykologi/logopedi. Søkarar med viktig kompetanse innanfor sentrale fagområde for tenesta vert også vurderte
- praksis frå arbeid med born og unge med særlege behov i grunnskule, PPT eller tilsvarande instansar
- relevant test, utgreiings, rettleiings, og rådgivingskompetanse
- kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
- har evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
- kan arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
- har god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
PPT er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.
Vi tilbyr:- eit godt og trygt arbeidsmiljø
- samarbeid i team
- deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- godt sosialt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
Søkar må ha sertifikat i klasse B då arbeidsområde er i heile Sunnfjord kommune.
Du må legge fram politiattest før oppstart i stilling.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
18.06.2022Stillingsfunksjon
RådgivarAnsettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4655542Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 04.06.2022