• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    02.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3930450
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 15.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Logoped ev. Spesialpedagog

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogn pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er interkommunal og yter tenester til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er organisert i to avdelingar, spesialpedagogiske rådgjevarar og tre utøvande logopedar. Kontoret held til i Sogndal og har 11 tilsette.

PPT er ein viktig samarbeidspart for skular og barnehagar i Sogndal og kommunane rundt. Tenesta skal i sitt arbeid ha fokus på behovet for gode utviklingsmoglegheiter til barn og unge i barnehage og skule, og ha fokus på barn med særskilde behov.

Det er ledig 100% vikariat som logoped i tida 01.08.21-01.07.22. Oppstart etter avtale. Vikariatet kan verte forlenga. Det er moglegheit for at stillinga kan bli fast. Det kan i tillegg verte ledig engasjement som logoped for kortare periodar. Spesialpedagog kan bli tilsett ved manglande rekruttering av logoped.

LOGOPED ev. SPESIALPEDAGOG 100 % VIKARIAT m/moglegheit til fast stilling - SOGN PPT

 

Arbeidsoppgåver

- Logopedoppfølging av enkeltelevar og vaksne innanfor dei logopediske områda

- Rettleiing og samarbeid med føresette/pårørande og personale

- Tenesta har ei mobil og ambulerande arbeidsform

- Utgreiing- og sakkunnig arbeid

- Bidra til kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå

- Bidra aktivt i team- og utviklingsarbeid i eiga teneste

 

Kvalifikasjonar

- Godkjent logopedutdanning på masternivå, eventuelt spesialpedagogikk

- Takle høgt arbeidstempo, og vere løysingsorientert i møte med faglege utfordringar

- Erfaring frå samarbeid med barn, unge og føresette

- Erfaring frå arbeid i PPT/grunnskule

- God skriftleg og munnleg framstillingsevne

- Test- og kartleggingskompetanse

 

Personlege eigenskapar

- Engasjert og utviklingsorientert fagperson

- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta

- Ha høg arbeidskapasitet og takle arbeidspress

- Fleksibel og endringsorientert

- Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø

- Evne til å inspirere og motivere andre

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

 

 

Spesielle vilkår for stillinga

Førarkort klasse B og bil til disposisjon. Mykje arbeid skjer ute i barnehagar og skular

 

Den som vert tilsett må leggje fram:

- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato

- Politiattest av ny dato

 

Vi kan tilby

- Høgt fagleg nivå

- Fagleg og personleg utvikling

- Fleksibel arbeidstid

- Godt arbeidsmiljø

- Køyregodtgering etter statens regulativ

- Løn etter avtale

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    02.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3930450
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 15.06.2021