Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4678730Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Logoped 100% vikariat - Vaksenopplæringa
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Stillinga ligg organisatorisk til vaksenopplæringa, men oppgåvene vert også utført i heimen til dei vaksne, samt i ulike helseinstitusjonar i kommunen. Vaksenopplæringa samarbeider med koordinator for rehabilitering av vaksne. Vaksenopplæringa har 18 tilsette og er lokalisert sentralt på Straume. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg kompetente medarbeidarar og leiing. Tenestetilbodet er i hovudsak knytt til opplæring av minoritetsspråklege vaksne, samt vaksne som treng opplæring etter sjukdom og/eller skade.
Arbeidsoppgåver:
- Direkte arbeid med brukarar og rettleiing til andre fagpersonar og pårørande
- Logopediske tiltak for vaksne og eldre med opplærings- og rehabiliteringsbehov, som har oppstått etter sjukdom og/eller skade, og er overførte frå sjukehus for lokal oppfølging
- Tverfagleg samarbeid og tenesteutvikling
- Utgreiing, sakshandsaming, skriving av vedtak og rapportar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Godkjent logopedutdanning på masternivå
- Svært gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
- Praktisk erfaring med vaksne brukarar
Personlege eigenskapar:
- Autonom, fleksibel og sjølvstendig
- Opptatt av kvalitet og fagleg utvikling
- God på gjeldande lovverk og sakshandsaming
- Gode kommunikasjonsevner
- Interesse for samhandling og tenesteutvikling
Anna:
Vikariatet gjeld frå 17.oktober 2022 til 30.06.2023 for fast logoped i svangerskapspermisjon. Det vert lagt til rette for overlapping og opplæring i byrjinga av perioden. Det kan vere praktisk for vikaren å disponere bil, men i hovudsak kjem brukarane til Vaksenopplæringa eller er pasientar på Øygarden lokale medisinske senter på Straume.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4678730Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.06.2022