Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
01.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4674453Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 28.06.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Leiar for Sogndalsbarnehagen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du leie utviklinga av barnehagane i kommunen?
I Sogndal kommune er det ledig 100% stilling som leiar for barnehagane i kommunen.
Sogndalsbarnehagen består av 11 kommunale barnehagar, i tillegg til 4 private barnehagar. 3 av barnehagane ligg i oppvekstsenter. Leiar for barnehage inngår i kommunalsjefen si leiargruppe, og har ansvar for barnehagane si drift og utvikling. I ansvaret ligg barnehagehagane si samla fagutvikling, økonomistyring og personalleiing. Me søkjer ein leiar som kan vere med å utvikle barnehagane spesielt og oppvekstsektoren generelt, til beste for barn og unge som veks opp i Sogndal kommune.
Arbeidsoppgåver:
- å vere overordna leiar for si oppvekstteneste
- resultat, budsjett og personalansvar
- utviklings- og kvalitetsarbeid gjennom å følgje opp vedtak som gjeld satsingar og prioriteringar
- utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver
- sikre at vi følgjer relevant lovverk, som t.d. barnehagelova
- vidareutvikle arenaer og delingskultur for samhandling i sektoren og mellom sektorar
- sikre likeverdige og godt samordna tenester med god kvalitet
- ta i bruk nye teknologiske løysingar både for å skape god samhandling på tvers i sektoren og for å yte betre tenester
Kvalifikasjonar:
- minimum bachelorgrad innan samfunnsvitskaplege fag eller anna relevant utdanning frå universitet/høgskule
- leiarutdanning og leiarerfaring frå barnehagesektoren
- praktisk erfaring og innsikt i pedagogisk utviklingsarbeid
- utviklingsorientert og har erfaring frå utviklingsarbeid
- gode ferdigheiter i å bruka IKT som arbeidsverktøy
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjonsferdigheiter, kontaktskapande evner, er fagleg trygg, motiverande og har engasjement for barn og unge
- erfaring med og kunnskap om tverrfagleg arbeid kring barn og unge
- forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
- nysgjerrig
- fleksibel og løysingsorientert
Me tilbyr:
- gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.
- ein spannande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- gode pensjons- og forsikringsordningar.
- gode velferdsordningar.
- lønn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
01.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4674453Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 28.06.2022