• Bedrift
    Voss kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Høgskule el. universitet
  • Arbeidserfaring
    Leiarerfaring
  • Adresse
    5700, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1526807
  • Se her for andre jobber fra Voss kommune
  • Oppdatert 22.03.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Voss kommune

LEIAR DIGITALISERING og IT

Offentlig forvaltning

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me harmykje meir å by på!

Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradetfår om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senterfor utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langsstamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande,kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.

Leiar digitalisering og IT

Kommunen er i inne i ei spennande tid med mange viktige prosessar innanfor digitalisering. I Voss herad vert rådmannen sin stab organisert som tre stabsavdelingar; innbyggjarservice, strategi og styring og HR og innovasjon. Digitalisering og IT blir ein del av HR og innovasjon som mellom anna vil ha ansvar for oppgåver knytt til HR, organisasjonsutvikling og digitalisering. Staben blir ei kompetanseavdeling og ein støttefunksjon for innovasjons- og endringsarbeidet som vil vera påkravd for å imøtekomme aukande krav og forventningar til offentleg sektor og skal bidra til å oppfylla krav og ambisjonar om å fornya, forenkla og forbetra heradet, samtidig som innbyggjarar og næringsliv har forventningar om ein enklare kvardag. Avdelinga vil kartlegga trendar og ny teknologi og støtta opp om og leggja til rette for endringsarbeidet i stabs- og kommunalavdelingane. Leiar for digitalisering og IT vert sentral i dette arbeidet.

Arbeidsgjevarpolitikken vår utviklar organisasjonen og byggjer eit godt lag gjennom leiarar som kan, vil og tør. Voss herad skal vera ein innovativ og endringsdyktig organisasjon tufta på høgt meistringsklima og ein kultur for kontinuerleg forbetring. Me skal vera skapande og inkluderande med myndiggjorte leiarar og medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og driftsansvar for IT-avdelinga
  • Planlegging av IT-infrastruktur og driftsform
  • Ansvarleg for avtalar og ein pådrivar ovanfor leverandørar
  • Syta for at brukarane opplever høg servicegrad og at tenestene til avdelinga tilfører verdi
  • Ansvar for digitalisering i kommunen i tett samarbeid med kommunalavdelingane
  • Rådgjevar for kommunen i digitalisering
  • Gevinstrealisering for digitaliseringsprosjekta til kommunen
  • Utarbeida og følgja opp digitaliseringsstrategien i nært samarbeid med tenesteeigarane

Me ynskjer at du har

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet
  • IKT-kompetanse
  • Leiarerfaring

Personlege eigenskapar

  • Tenkjer strategisk og er målretta
  • Evne til å skapa og utvikla nye idear
  • Tillitsvekkande og samlande
  • God på kommunikasjon, relasjonsbygging og samarbeid
  • Løysingsorientert
  • Gjennomføringskondis
  • Har systematisk tilnærming til utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Me tilbyr

  • Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Søknadsfrist 10.04.2019 Vårref 2157/19 MGM

Kontaktperson

Arild Mc Clellan Steine, Prosjektleiar / komande rådmann, tlf: 98880485, arild.m.steine@voss.herad.no

Mette Gudrun Matthiessen, Stabssjef HR og innovasjon, tlf: 97050365, mette.matthiessen@voss.kommune.no


 

  • Bedrift
    Voss kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Høgskule el. universitet
  • Arbeidserfaring
    Leiarerfaring
  • Adresse
    5700, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1526807
  • Se her for andre jobber fra Voss kommune
  • Oppdatert 22.03.2019