Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.01.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4250006Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 02.12.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Lege i 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi lyser ut ei fastløna 100 % stilling som lege i Fjaler kommune. Legen vil ha ansvar for kommunale oppgåver ved sjukeheimen og si fastlegeliste. Legepraksisen skal være i henhold til lov om kommunale helse- og omsorgstenester, fastlegeforskrifta og anna relevant helselovgjeving.
Som eit alternativ kan legen få tilbod om driftstilskot istadenfor kommunal tilsetjing.
Fjaler legekontor har til saman tre fastlegar og ein LIS1 lege. Kontoret er kommunalt drevet med tilsett hjelpepersonell. Ein er pliktig til å delta i SYSIKL interkommunale legevaktsordning som har låg vaktbelastning, men der det er mogleg å få fleire vakter dersom ein ønskjer det. Det er viktig med god kommunikasjon og godt samarbeid både med leiinga og eningar internt i kommunen, og med publikum og andre eksterne instansar. Kommunen nyttar infodoc journalsystem.
Kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Ein vil legge vekt på at personen er egna til stillinga
- Førarkort kl. B
Vi ønskjer at legar som ikkje er spesialist i allmennmedisin, fullfører spesialisering etter tilsetjing. Arbeidsgjevar stillar med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.
Arbeidsoppgåver- Fastlegen skal gi allmennlegetenester til innbyggjarar på si fastlegeliste i kontoret si opningstid, og vil også delta i kommunen si interkommunale legevaktsordning
- Planlegging, utvikling og driftsoppgåver knytt til ansvars- og arbeidsområdet
- Fastlegen kan få kommunale tenester innanfor rammene som er lagt i ASA 4310.
- Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
- Kvalitetssikring og tilsyn, rådgjeving i forbindelse med klagehandtering
- Oppgåver innan kartlegging, forsking, fagutvikling og undervisning
- Gode samarbeidsevner
- God på kommunikasjon og rettleiing
- Fleksibel
- Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Det blir vektlagt at personen er egna til stillinga
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før ein startar i stillinga.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med? Vi ser fram til å høyre frå deg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.01.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4250006Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 02.12.2021