• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788659
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 05.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Ledige stillingar ved Austevoll Pleie- og Omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. 

 

Vikariat ved Austevoll P. O Senter 

  • Det er ledig eit svangerskapsvikariat i 75 % stilling på spesialavdeling frå 01.06.21. Langvakter kvar 4 helg.

Fast sjukepleiarstilling - Natt

  • 47.77% stilling med arbeid 3 kvar helg.

Det er og ledige helgestillingar ved Austevoll Pleie- og omsorgssenter og Austevoll Heimeteneste

Eigenskapar:

  • Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.

Vi er ein organisasjon i endring, og vi ynskjer arbeidstakarar som er omstillingsdyktige, likar faglege utfordringar, og er god på å  samhandle på tvers av avdelingar og profesjonar. Du må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med mange spanande arbeidsoppgåver; som krev at du er løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet. Alle tilsette bidrar på kvar sin måte med dei evnene og ressursane ein har, som sikrar at bebuarar og pårørande får eit godt tilbod hos oss.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788659
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 05.05.2021