• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4685592
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 09.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Rauma kommune

Ledig vikariat som lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Åfarnes skole har ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling. Stillinga er ledig frå og med 01.08.22 og til 01.03.23 Det vil vere moglegheiter for forlenging av stillinga.

Arbeidsplassen
Åfarnes skole er ein 1-10 skole, med 124 elevar. Åfarnes skole har kort avstand til fjord og fjell, og har eit flott uteareal med ballbinge og ny klatrepark. Friidrettsbane, fotballbane og gapahuk ligg rett ved skolen, og legg fint til rette for læring ute. Skolen har nynorsk som hovudmål. Skolens visjon: «Trivsel og læring for alle». Vi er ein skole i utvikling med fokus på læringsmiljø og læringsutbytte. Bruk av digitale verktøy og berekraft er viktige utviklingsområde for skolen.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning 1.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Kontaktlæraransvar må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskolelærar 5.-10. 
  • Ønske om brei kompetanse i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
  • God digital kompetanse og god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Relevant erfaring er ønskeleg.

Søkjarar med anna pedagogisk utdanning kan bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar , føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skolens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenker positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4685592
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 09.07.2022